Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Helse-, miljø- og sikkerhet ved høgskolen

Varsling av kritikkverdige tilhøve

Arbeidstakar har rett til å sei ifrå om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. I somme tilhøve har arbeidstakaren óg ei plikt til å sei ifrå.

Verneombod

Verneombod skal ivareta arbeidstakaren sine interesser i saker som gjeld arbeidsmiljø.

AKAN-arbeid

Formålet med AKAN-arbeid er å førebyggje rus- og avhengigheitsproblem i norsk arbeidsliv. AKAN er ei foreining med tre organisasjonar: NHO, LO og Staten.

Bedriftshelseteneste

Bedriftshelsetenesta skal bistå høgskolen i arbeidet med å skapa sunne og trygge arbeidstilhøve.

Beredskapsplan

Målet for beredskapsplanen er at alle tilsette skal vere best mogleg førebudde til å møte kriser, sorg og ulykker blant studentar og tilsette.

Branninstruks

Ver orientert om branninstruks, rømingsvegar og brannvernorganisasjon. Hugs: Varsla - Redda - Sløkkja. Vil du ha melding på SMS ved brannalarm? Send SMS med ALARM til 2223. For meir informasjon, sjå Mobilalarm. Tenesta er gratis, og gjeld HSH Stord, HSH Haugesund og ei rekkje andre bygg i Norge, alt etter kvar du er når alarmen går.

Brannvernorganisasjon

Dokumenta for både Rommetveit og Haugesund finn ein her.


Databrille /terminalbrille

Databriller er eit hjelpemiddel på arbeidsplassen for å betra synet for tilsette som ein stor del av arbeidsdagen jobbar ved dataskjerm.

HMS-systemet

Overordna mål for HMS ved høgskolen er at alt arbeid som vert utført under institusjonens ansvar, ikkje skal føre til tap av eller skader på menneske, miljø eller materielle verdiar.

HMS-inspeksjon/vernerunde

Formålet med vernerundane er å avdekke helse-, miljø- og sikkerhetstilhøve i verksemda som bør betrast.

Inkluderande arbeidsliv (IA)

Målet med intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, er å skapa eit arbeidsliv med plass til alle som kan og vil arbeida. I februar 2010 blei den tredje IA-avtalen underteikna av myndigheitene og partane i arbeidslivet.

Kvalitetssystemet

Kvalitetssystemet ved HSH er eit verkty for å vidareutvikle studiekvaliteten og læringsmiljøet ved høgskolen. Alle norske høgskolar skal ha eit kvalitetssikringssystem.

NOKUT godkjente kvalitetssikringssystemet ved HSH i 2008.

Sjukefråver

Eit hovudmål i IA-avtalen mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene, er ein reduksjon i sjukefråveret med 20 prosent i tilhøve til nivået i andre kvartal 2001. Dette inneber at sjukefråveret på nasjonalt nivå ikkje skal overstiga 5,6 prosent.

I 2010 var sjukefråveret i heile landet 6,0%, i statleg forvaltning 5,4% og innan undervisning 5,6%.

Arbeidsmiljø

Arbeidsmiljø er eitt av to område som skal vera særskilt prioriterte i perioden Personalpolitisk plan 2010 - 2015 er gjeldande for. HSH skal ha eit godt arbeidsmiljø, som skal fremja læring, helse, trivnad og samarbeid.

Om arbeidsmiljø- og klimaundersøkinga høgskolen nyttar (Rapport 2014/04 frå Senter for helsefremmende forskning HIST/NTNU).

Nyttige nettstader innan HMS

Sida ble sist oppdatert: 31.03.2016