Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Ny i HSH

Introduksjonsprogram for nytilsette

Nytilsette ved høgskolen skal oppleva seg velkomne og verta gjevne naudsynt introduksjon og opplæring slik at dei kan ta fatt på oppgåvene sine på ein effektiv måte (Personalpolitisk plan).

Den nytilsette skal gjennomgå kurs, få informasjon og rettleiing på ein tilfredsstillande måte (Personalpolitisk plan pkt. 2).

  1. Første dag: Møte med næraste leiar og personal
  2. Fadderordning
  3. Seksjonsvandring
  4. Frukostmøte med leiinga
  5. Seminar om utdanningskvalitet

Leiarar og medarbeidarar skal ha fokus på behov nytilsette har for overføring av erfaringar (Personalpolitisk plan pkt. 2)

Arbeidstid og tidregistrering

Arbeidstid for tilsette ved HSH er 37.5 timar per veke. Statlege verksemder har fleksibel arbeidstidsordning.

Branninstruks

Ver orientert om branninstruks, rømingsvegar og brannvernorganisasjon. Hugs: Varsla - Redda - Sløkkja. Vil du ha melding på SMS ved brannalarm? Send SMS med ALARM til 2223. For meir informasjon, sjå Mobilalarm. Tenesta er gratis, og gjeld HSH Stord, HSH Haugesund og ei rekkje andre bygg i Norge, alt etter kvar du er når alarmen går.

Brannvernorganisasjon

Dokumenta for både Rommetveit og Haugesund finn ein her.


Fagorganisasjoner ved høgskolen

11 fagorganisasjoner ved høgskolen har drøftings- og forhandlingsrett. Akademikerne ved høgskolen forhandler sammen.

  1. Forskerforbundet (ca 70 medlemmer). Hovedtillitsvalgt: Gisle Kleppe Plasstillitsvalgt Stord: Kirsti Angvik Frugård
  2. Utdanningsforbundet (ca 60 medlemmer) Hovedtillitsvalgt: Elisabeth L. Sørdal
  3. Norsk Tjenestemannslag (NTL) (19 medlemmer). Hovedtillitsvalgt: Svein Erik Wang. Plasstillitsvalgt Haugesund: John Ferkingstad.
  4. Parat (44 medlemmer) Hovedtillitsvalgt: May Britt Sandstå Plasstillitsvalgt: Gro-Mette R. Eikemo (Hgsd) og Jorunn Miljeteig (Stord).
  5. Norsk Sykepleierforbund (NSF) (47 medlemmer). Hovedtillitsvalgt NSF: Reidun Stavland. Plasstillitsvalgt NSF, Haugesund: Målfrid T. Kolnes.

Akademikerne ved HSH forhandler sammen på vegne av 6 fagorganisasjoner. Kontaktperson: Ståle B. Pettersen (Tekna, hovedtillitsvalgt).

Dessuten er følgende fagorganisasjon representert ved HSH: NITO -Norges Ingeniørorganisasjon Tillitsvalgt: Arjen Kraaijeveld

Sjukefråver

Eit hovudmål i IA-avtalen mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene, er ein reduksjon i sjukefråveret med 20 prosent i tilhøve til nivået i andre kvartal 2001. Dette inneber at sjukefråveret på nasjonalt nivå ikkje skal overstiga 5,6 prosent.

I 2010 var sjukefråveret i heile landet 6,0%, i statleg forvaltning 5,4% og innan undervisning 5,6%.

Nøklar og adgangskort

Til høgskolebygga: Adgangskort bestiller leiar eller personaltenester for tilsette frå:

Kontornøkkel bestiller leiar eller personaltenester frå driftstenester på studiestaden:

Parkering Stord

Tilsette parkerer på oppmerka plassar i samsvar med skilting. Parkering langs Klingenbergveien er forbode. Respekter også gjesteparkeringa på Rommetveit.

El-bil: 1. Hent ladeløyve i Studenttorget, 2. Fediglada bil må flyttast.

Parkering Haugesund

Parker innanfor oppmerka felt og med parkeringskort på dei 85 parkeringsplassane som ligg ved høgskolebygget i Bjørnsonsgt. 45. Parkeringsordninga er godt skilta og tok til å gjelda frå 1. oktober 2009.

Følgjande grupper kan parkera etter fargekode på parkeringsplassane utanfor høgskolebygget. Fargekoden er skissert på oppsette skilt (unummererte plasser):

  • Tilsette og besøkjande: 60 plasser gult markert på skilt
  • Studentar: 20 plasser grønt markert på skilt
  • Handikappa: 2 plasser blått markert på skilt
  • Driftspersonale og Statsbygg Vest: 3 plasser rødt markert på skilt
  • Syklistar: orange markert på skilt

Nytilsette og besøkjande: Parkeringskort/parkeringslapp får du i ekspedisjonen i 3. etg. Finn først ein ledig parkeringsplass og ver deretter rask med å henta p-kort til bilen.

For å unngå kontrollavgift (kr. 760,-) er det viktig å:

  • Vera nøye med å parkera på oppmerka angitte felt og innanfor dei kvite stripene
  • Leggja parkeringskortet/-lappen på ein synleg stad i bilen
  • Ha gyldig parkeringskort (rett årstal)
  • Parkera i tråd med fargekode, d.v.s å ikkje stå på andre grupper sin parkeringsplass, t.d. tilsette som parkerer på studentplassar eller vise versa

*Høgskolen kan tilby 60 parkeringsplassar i Haugesund for omlag 120 tilsette som har sitt daglege arbeid i bygget. I tillegg kjem skulen si leiing og gjester. *Høgskolen har utdelt omlag 200 parkeringskort til dei som har sitt daglege arbeid i høgskolebygget. I tillegg vert det delt ut parkeringslappar for gjester ved høgskolen. *Parkeringskort kan berre nyttast dersom det er ledige parkeringsplassar. *Respekter at to plassar er tiltenkt funksjonshemma.

Forsikringar

Tilsette ved Høgskolen Stord/Haugesund er medlem i Statens pensjonskasse, som gir medlemmer ei god pensjonsordning, moglegheit for boliglån og forsikring, som gir økonomisk tryggleik ved ulykke eller død.

Permisjon med og utan løn

Å innvilge søknader om permisjon ligg til arbeidsgjevar sin styringsrett. Adgang til permisjon er hjemla i bestemmelsane i arbeidsmiljølova, og vidare fulgt opp i folketrygdlova eller tariffavtalar.

Visittkort

Alle tilsette kan bestille visittkort. Det er norsk tekst på ei side, og engelsk tekst på den andre sida.

Skjemaet skal sendast til Grethe Lønning Grimsbø som sender bestillinga vidare til trykkeriet.

Sida ble sist oppdatert: 22.09.2016