Sunnhordlandsforfattarar
Bibliografi 1976-2002, førebels utgåve
Denne bibliografien er eit framhald av ein bibliografi som vart utarbeidd av Sigbjørn Grindheim og trykt i boka Sunnhordlandsdiktarar, red. Idar Stegane, Samlaget 1978. Grindheims oversikt går fram til 1976.
Føremålet med denne nye bibliografien, som er laga av bibliotekar Kari Bolette Lundal, er å gje ei mest mogleg fullstendig oversikt over den skjønnlitterære produksjonen til sunnhordlandsforfattarar etter 1976: romanar, noveller, lyrikk, skodespel, essay. Bibliografien tek og med omsetjingar til norsk, då dette er ein viktig del av den litterære verksemda for mange av forfattarane. Dessutan er sekundærlitteraturen registrert, dvs. det som er skrive om den einskilde forfattar, (reine bokmeldingar unnateke). Nokre forfattarar som er med i Grindheim sin bibliografi, har vore aktive også etter 1976; då er heile deira forfattarskap teke med.
Ein "sunnhordlandsforfattar" er anten fødd i regionen, har budd her i kortare eller lengre periodar, eller har skrive med tema frå Sunnhordland.
I denne førebels utgåva av bibliografien vil det vera ein del feil og manglar. Men oppmodar både forfattarane sjølve og andre om å gje oss ei melding om slike ting. Send e-post til halfdan.wiik@hsh.no