Sunnhordlandsforfattarar

Bibliografi 1976-2002.

Denne bibliografien er eit framhald av ein bibliografi som vart utarbeidd av Sigbjørn Grindheim og trykt i boka Sunnhordlandsdiktarar, red. Idar Stegane, Samlaget 1978. Grindheims oversikt går fram til 1976.

Føremålet med denne bibliografien, som er laga av bibliotekar Kari Bolette Lundal, er å gje ei mest mogleg fullstendig oversikt over den skjønnlitterære produksjonen til sunnhordlandsforfattarar i perioden 1976-2002: romanar, noveller, lyrikk, skodespel, essay. Bibliografien tek og med omsetjingar til norsk, då dette er ein viktig del av den litterære verksemda for mange av forfattarane. Dessutan er sekundærlitteraturen registrert, dvs. det som er skrive om den einskilde forfattar, (reine bokmeldingar unnateke). Nokre forfattarar som er med i Grindheim sin bibliografi, har vore aktive også etter 1976; då er heile deira forfattarskap teke med.

Ein "sunnhordlandsforfattar" er anten fødd i regionen, har budd her i kortare eller lengre periodar, eller har skrive med tema frå Sunnhordland.

Bibliografien er avslutta, og me gjer merksam på at det kan vera feil og manglar.

Sida ble sist oppdatert: 03.07.2014