Lån frå eige og andre bibliotek

Lånereglar

LÅNERETT: Studentar og tilsette kan låne bøker og anna materiale på biblioteket. Alle tenester er gratis. Eksterne brukarar er også velkomne til biblioteket.

REGISTRERING: Studentar bruker studenkortet som lånekort.
Eksterne lånarar må vise legitimasjon for registrering, og får utdelt eit felles lånekort (som kan brukast ved dei fleste norske bibliotek). Felles lånekort frå andre bibliotek kan også nyttast.

LÅNETID:
Bøker: 4 veker
Musikk-CD: 1 veke
DVD: 1 veke
Tidsskrift: 1 veke

BESTILLING AV LÅN: Du bestiller bøker via Oria sitt bestillingssystem, ev. via e-post. Du får hentebeskjed på SMS når boka du har bestilt, er klar til henting. For heiltidsstudentar gjeld dette primært fjernlån (bøker frå andre bibliotek). Er du deltidsstudent, sjå meir informasjon på eiga side.

RESERVERING: Bøker som er utlånt, kan reserverast. Melding om at boka er komen, inn blir sendt på SMS. Dei som ikkje har registrert mobilnummeret sitt, vil få beskjed via e-post eller brev.

LÅNAREN SINE PLIKTER: Alt materiale som ein tar ut av biblioteket, skal registrerast som lån. Lånaren er personleg ansvarleg for lånt materiale og for at det blir levert tilbake i tide.

PURRING: Bøker og anna som ikkje blir levert tilbake i tide, blir purra. Første purring blir sendt på e-post. Etter 3. gongs purring har biblioteket høve til å nekte vidare lån dersom lånaren ikkje reagerer. Bøker o.a. som ikkje blir levert tilbake, eller som er øydelagt (understreking, notater i marg etc.), skal erstattast. Erstatningsbeløpet er kr 750,- pr. bok/dokument.

Lån frå andre bibliotek (fjernlån)

Biblioteket kan også skaffe litteratur som ikkje finst ved HSH-biblioteket.

Tenesta er gratis for studentar og tilsette ved HSH. Fjernlån krev ekstra ressursar, så ein bør fortrinnsvis bruke biblioteket sitt eige materiale. Dette gjeld spesielt i grunnutdanninga. Biblioteket har ei god samling, så det er gode sjansar for å finne dekkande litteratur lokalt.

Titlar som ein finn ved HSH-biblioteket, men som er utlånt, blir berre unntaksvis lånt inn frå andre bibliotek. Når du bestilller fjernlån, benytt elektronisk bestilling via Oria. Kontakt biblioteket for å få forklart framgangsmåten. Du får melding på e-post (ev. brev eller SMS) når boka er klar til henting på biblioteket.

Kopiar (artiklar)

Kopiering frå tidsskrift, oppslagsverk etc. må brukaren gjere sjølv.

Frå andre bibliotek: Me skaffar kopiar av tidsskriftsartiklar som ikkje finst i våre eigne samlingar. Delttidsstudentar, og dei som er knytta til desentraliserte studium, kan be om å få tilsendt kopiar av artiklar.

Ansvarleg for sida: Biblioteket

Sida ble sist oppdatert: 23.08.2017