Image Quest - biletdatabase

Høgskulen har avtale med biletdatabasen Image Quest som gjev deg som student eller tilsett ved HSH anledning til å lasta ned gratis bilete til bruk i studentoppgåver, prosjekt, førelesingar osb.

Image Quest

Britannicas Image Quest inneheld nærare 3 millionar bilete. Alle bileta er rettighetsklarerte for ikkje-kommersiell, pedagogisk bruk. Hugs at du alltid må henvisa til kjelda.

Avtala gjev:

  • fri bruk av bilete i studentoppgåver
  • fri bruk av bilete i undervisning
  • fri bruk av bilete i skulen sitt marknadsføringsmateriale og nettsider

Meir om Image Quest:

  • Kvart bilete har informasjon om kjelda og ferdig utforma referanse m.a. i APA
  • Opprett egen konto om du vil spara bilete utan å lasta ned

Quick tour - kort gjennomgang av databasen.

Har du spørsmål eller treng du hjelp? Kontakt Camilla Wang.

Sida ble sist oppdatert: 04.09.2017