Deltids- og fjernstudentar

Er du deltids- eller fjernstudent? Tar du desentralisert utdanning ved HSH? Då har du sjølvsagt også tilgang til høgskolen sine bibliotektenester. Størst glede av biblioteket får du naturlegvis ved å besøke oss og ta kontakt med bibliotekarane. Men det er også mykje du kan gjera heimefrå.

Lån frå høgskolebiblioteka
Dersom du er registrert som student er du også registrert i biblioteket sitt låneregister. Er du student busatt utanfor Stord/Haugesunds-området kan du få bøker gratis tilsendt der du bur. Gje då beskjed om at du er deltids/fjernstudent. Den enklaste måten er å bestille bøkene du treng via ditt næraste bibliotek (gjerne ditt lokale folkebibliotek) og hente og levere hos dei. Du kan og få bøker tilsendt til di heimadresse. Då har du sjølv ansvar for å returnere bøkene til høgskolebiblioteket når lånetida er ute, pr. post eller personleg. Ver merksam på at høgskolebiblioteket sender tilbakemeldingar på bestillingar og purringar til student-e-postadressa di. Dersom du ynskjer å få meldingar frå biblioteket tilsendt på ei anna e-postadresse, kan du be biblioteket endra dette for deg.

Ordinær lånetid: 4 veker
DVDar og tidsskrift: 1 veke

Fornying: Du kan ringe og be om fornying av lånet, eller sende førespurnad på e-post. Du kan også fornye låna sjølv på tenesta "Min konto" i Oria. Dersom du ynskjer å bestille bøker/tidsskriftsartiklar som me ikkje har, låner me dette inn frå andre bibliotek. Dette er kostnadsfritt for deg som student.

Oria
Oria er eit felles system for høgskolar, universitet og fleire andre fagbibliotek i Noreg. Du kan søke etter litteratur i HVL-biblioteka, eller i alle Oria-bibliotek. Bøker kan bestillast ved hjelp av e-post eller telefon, men du bør helst søke opp bøkene sjølv og bestille via Oria.

Tilgang til databaser
Biblioteket si heimeside er komponert for å være ein god startstad for HVL-studenten. Her finn du ein del informasjonskjelder som i utgangspunktet berre er tilgjengelege frå datamaskiner på høgskolen, men som du også kan få tilgang til heimefrå. Sjå Tilgang til tjenester hjemmefra for meir informasjon.

Spør ein bibliotekar
Bibliotekarane står til teneste både pr. telefon og pr. e-post. Me hjelper deg med å finne litteratur, med å finne fram på Internett m.v. Spør en bibliotekar-tenesten garanterer deg raske, skriftleg svar på spørsmåla dine. Sjå elles Om biblioteket for kontaktinformasjon til den enkelte bibliotekavdelinga eller den enkelte bibliotektilsette.

Bibliotekveiledning
Tidleg i studiet skal alle som studerer desentralisert og/eller på deltid, få ein introduksjon til biblioteket, med demonstrasjon av litteratur- og informasjonssøking, elektroniske bestillingsmåtar m.v. Dersom du ikkje har fått eit slikt tilbod, bør du seie frå til biblioteket eller ta kontakt med kursansvarleg om saka.


Ansvarleg for sida: Biblioteket

Sida ble sist oppdatert: 25.08.2017