«En overordnet målsetting med Kunnskapsløftet er å øke læringsutbyttet for alle elever. Faglige og relevante tilbakemeldinger fra lærer, instruktører og medelever er en viktig del av læringsprosessen, ... Det er derfor avgjørende at lærerne har en vurderingskompetanse og vurderingspraksis som bidrar til å utvikle elevenes faglige kompetanse, ...»
(Oppdragsbrev til Utdanningsdirektoratet, 30. januar 2007)
Å heve lærarane sin vurderingskompetanse, ikkje minst i høve til elevvurdering, synest idag å vere eit svært prioritert satsingsområde i norsk skule, mellom anna som følgje av Kunnskapsløftet. I lys av dette er det overordna faglege siktet med dette prosjektet å bidra til utvikling av ny, forskingsbasert kunnskap om korleis lærarar og lærarstudentar utviklar ulike former for vurderingskompetanse.
Vi vil sjå nærare på den vurderingspraksisen som finn stad i skulen idag og vidare undersøkje korleis lærarane sjølve kan jobbe aktivt med kompetanseutvikling på området.
Ein sentral reiskap i denne prosessen er refleksjonsbaserte mapper.
Prosjektinformasjon
- Problemstilling
- Føremål
- Plassering i forskingsfeltet
- Aksjonsforsking som metodisk grunnlag
- Forskingskontekst
- Forskingsteam
- Kontakt oss
Prosjektperiode: 01.11.2007 - 31.03.2010.
Prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd.
Problemstilling
«Kor vidt og i tifelle korleis kan ein ved hjelp av ulike former for refleksjonsbaserte mapper styrkje lærarane og lærarstudentane sin vurderingskompetanse sett i lys av måla for Kunnskapsløftet?»
Føremål
Prosjektet er både knytt til allmennlærarutdanninga ved HSH og til ein skuleutviklingsprosess på to Stord-skular der målet er å betre læringsvilkåra for elevane gjennom å styrkje vurderingskompetansen til dei involverte lærarane og lærarstudentane. Refleksjonsbaserte mapper vil vere sentrale reiskap i denne prosessen.
Plassering i forskingsfeltet
Vår posisjonering innan forskingsfeltet kan nærare spesifiserast som ”Mappebasert læring og vurdering”. Vi vil spesielt fokusere på digitale lærings- og vurderingsmapper i relasjon til konteksten grunnskule og lærarutdanning, med eit sosiokulturelt læringsperspektiv som overordna teoretisk bakteppe.
Aksjonsforsking som metodisk grunnlag
Prosjektet introduserer ein pedagogisk reiskap, refleksjonsbaserte mapper, og siktemålet er å finne ut om, og eventuelt i kva grad, bruk av slike mapper kan bidra til at lærarar og lærarstudentar kan utvikle betre kompetanse i:
- didaktisk vurdering
- elevvurdering
- Systemvurdering
Forskingskontekst
To barneskular på Stord:
- Sagvåg skule – 5 lærarar
- Tjødnalio skule – 4 lærarar
Fullstendig prosjektbeskrivelse ligg her: Norsk versjon/English version
Forskingsteam
Følgjande personane jobbar / deltek som forskarar i Prosjekt RLM:
Knut Steinar Engelsen er 1. amanuensis i pedagogisk informasjonsvitskap, dr.polit. Han fungerer som prosjektleiar i ein postdoc stilling i prosjekt-RLM
Kari Smith er professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen. Ho deltek i Prosjekt-RLM som fagleg og metodisk rettleiar.
Bjørn Meling er tilsett som forskar i prosjektet.
Tord Eide er høgskolelektor i pedagogikk ved Høgskolen Stord/Haugesund, avdeling for Lærer– og kulturstudier. I tilegg deltek han som forskar i prosjekt-RLM.
Elisabeth L. Sørdal er høgskulelektor i pedagogikk og deltek som forskar i prosjektet.
Anne Kristin Rønsen er tilsett som stipendiat i prosjektet.