HSH-logo med 20-årsjubileumsemblem

HSH fekk nytt og stort forskingsprosjekt

Lars Vavik og Thomas Arnesen ved lærarutdanninga på HSH har grunn til å smila. Søknaden deira fekk full klaff i Forskingsrådet. Med 10,7 millionar friske kroner skal dei forska og finna fram til måtar ein kan hauste fordelane og minimere ulempene ved bruk av IKT til skuleføremål.

Teknologien speler ei stadig større rolle i elevane sin kvardag. Dei søkjer underhaldning og kunnskap gjennom bruk av ei rekke ulike media som spel, Facebook og YouTube. Dei utvekslar erfaringar i ulike venne- og interessegrupper. Her føregår det mange aktivitetar skulen kan dra vekslar på, men ein ser også at elevar utviklar uvanar som skulen må ta stilling til.

Kartelegga og samanlikna

I det nye fireårige prosjektet er det planlagt fire forskingsfasar for å kasta lys over dei utfordringane ein står overfor. Først vil dei kartlegga og samanlikna norske og finske elevar og lærarar sine syn på digitale aktivitetar i og utanføre skulen.

Neste fase skildrar og analyserer norske og internasjonale forsøk på å byggje bru mellom skule og fritidskulturar, medan dei siste to fasane dreier seg om ulike typar utprøving av prinsipp utleda frå fase ein og to.

Stort samarbeid

For å sikre prosjektet ei sterk forankring i skule og lærarutdanning er det inngått samarbeidsavtalar med fleire skular, Utdanningsforbundet, Elevorganisasjonen og Foreldreorganisasjonen. Vavik og Arnesen understrekar også tilknytinga til HSH sine bachelor- og masterutdanningar.

- Det er store motsetningar både nasjonalt og internasjonalt når det gjeld desse spørsmåla, seier Vavik og Arnesen. Det har difor vore særskilt viktig å sette saman ei brei internasjonal styringsgruppe med forskjellige ekspertisar. I det verdskjende laget finn ein mellom anna professorane Lauren Resnick, Gavriel Salomon, Per-Olof Erixon, Erno Lethinen, Gert Biesta og Lee Shulman.

Viktig for HSH

Rektor Liv Reidun Grimstvedt gler seg over tildelinga.

- Dette er veldig kjekt. Det viser at me har forskingsmiljø her på HSH som når opp og fram i sterk konkurranse med andre universitet og høgskular.

- Slik sett er det viktig for lærarutdanningane våre, men og for heile HSH.

Det er i programmet PRAKUT HSH no har fått forskingsmidlar frå.

Sist gong lærarutdanninga på HSH fekk midlar til store forskingsprosjekt var i 2007.

Det siste store forskingsprosjektet i HSH som fekk støtte frå Forskingsrådet var ?Håndtering av kompleksitet i petro-maritime operasjoner.?

 
GOD JOBB: Thomas Arnesen og Lars Vavik ved lærarutdanninga på HSH er godt nøgde med å ha hala inn eit stort forskingsprosjekt på 10,7 millionar kroner over fire år.

Publisert: 18/04-2012, kl. 15:15
Ant. ganger lest: 1755