HSH-logo med 20-årsjubileumsemblem

Forskar på rolleblanding i sosiale medium

Ei av dei største utfordringane med sosiale medium er at det lett kan oppstå rolleblanding mellom det profesjonelle og private. Førsteamanuensis Aslaug Grov Almås frå HSH er med i eit spennande forskingsprosjekt som ser på desse etiske spørsmåla. - Det er ekstra kjekt å driva forsking på eit tema som me ser opptek mange nett no, seier ho.


Prosjektgruppa på HSH: Ingrid Helleve (prosjektmedlem, Universitetet i Bergen), Aslaug Grov Almås (prosjektmedlem, HSH), Brita Bjørkelo (prosjektleiar, Politihøgskolen), Tor Eide (masterstudent, HSH) og Johan Weltzien (masterstudent, HSH). Dei to siste er studentar på masterutdanninga IKT i læring ved HSH. Dei har knytt forskinga si til prosjektet og leverer sine masteroppgåver før sommaren.

Etikk, sosiale medium og lærarutdanning er namnet på forskingsprosjektet. Rett før påske samla prosjektgruppa seg til arbeidsmøte på Stord for å jobbe med del tre av prosjektet.

- Me studerer lærarstudentar sin bruk av sosiale medium i utdanninga, og me ser på kva slags tankar dei har om bruk av sosiale medium i ein framtidig jobb.

Er medvitne

Nesten 500 lærarstudentar deltok i første runde av undersøkinga.

- Over 90 prosent av studentane seier at dei brukar sosiale medium som Facebook i stor grad i utdanninga.

- Svært mange svarte at dei hadde endra på tryggleiksinnstillingane, og mange svarte at dei ville justera desse ytterlegare når dei startar i jobben som lærarar.

- Det viser at studentane er medvitne på overgangen frå studietida til læraryrket, seier Aslaug Grov Almås i HSH.

Ikkje meir regulering

Ho fortel at i Australia har ein nasjonale retningslinjer som direkte kan brukast i arbeidet med å utdanna lærarar i etisk bruk av sosiale medium.

- Det har me ikkje i Norge. I tillegg har Australia ei eiga sertifisering av lærarar og ein kan missa autorisasjonen som lærar om ein syner uaktsam framferd.

Men løysinga for norske lærarar og lærerstudentar er ikkje nødvendigvis meir regulering, meiner Grov Almås.

- Det er viktig at vi tematiserer problemstillingar som dukkar opp i samanheng med bruk av sosiale medium. Undersøkingane våre så langt viser at det er ein svært varierande praksis rundt i landet når det gjeld dette temaet.

- Nokre kommunar har valt å stengja av tilgangen til både Internett og dermed sosiale medium for sine skular, for å få bukt med utfordringar knytt til sosiale medium.

- Det kan opplevast som eit paradoks når lærarar samtidig, gjennom Kunnskapsløftet og rammeverket for digitale ferdigheiter, vert oppfordra til å bruka teknologi i undervisninga og læra elevane kva som ligg i digital dømmekraft, seier ho.

Forskingsprosjektet Etikk, sosiale medium og lærarutdanning har fleire deler, og strekkjer seg over fleire år. Det har sitt utspring frå tida då Brita Bjørkelo, Ingrid Helleve og Aslaug Grov Almås deltok i forskingsgruppa ”Digitale Læringsfellesskap” ved Universitetet i Bergen. Prosjektleiar Bjørkelo, som no er førsteamanuensis ved Politihøgskolen, starta prosjektet i 2010 i samband med Zoe Morris ved Monash University i Australia.

Publisert: 03/04-2013, kl. 06:00
Ant. ganger lest: 903