Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Ny professor på HSH

Lars Vavik er ny professor innan IKT i læring på HSH. Den sakkyndige komitéen skriv at Lars Vavik har solid bakgrunn i fagfeltet og er velkvalifisert som professor innan IKT i læring.

Komitéen trekk fram at Vavik gjennom sitt vitskaplege arbeid og fleire forskingsprosjekt gjennom mange år oppfyller nasjonale og internasjonale standardar. Han får ros for å ha vore svært delaktig i å byggje opp masterstudiet IKT i læring på HSH, kor han har rettleia mange masterstudentar.

Det vert og understrekt at Vavik er initiativrik og har bidrege med ny og viktig kunnskap innan fagfeltet.

Lars Vavik er HSH sin 11. professor.

HSH gratulerer!


Lars Vavik er fødd på Frøya i Sør-Trøndelag. Han har lærarutdanning frå Notodden, hovudfag i pedagogikk frå Universitetet i Trondheim, og doktorgrad i informasjonsteknologi frå Universitet i Bergen med delstudier ved Stanford University i California. Vavik har arbeida ved HSH i 34 år.

Publisert: 16/07-2013, kl. 06:00
Ant. ganger lest: 2483