Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Digital revolusjon – men kvifor er det så vanskeleg å endra undervisninga?

Det er eit gjennomgåande spørsmål i ei ny bok som førsteamanuensis Aslaug Grov Almås i HSH er forfattar og medredaktør for.


EI BOK SOM DRØFTAR, SPØR OG PEIKAR: - I boka ser me mellom anna på korleis kommunikasjonsmønsteret vert endra med teknologien, og korleis dette igjen påverkar relasjonsbygginga. Tillit og tryggleik er grunnlaget for læring. Når eleven sitt ansikt er gøymt bak ein skjerm stillerme spørsmål ved om det skjer noko med tillitstilhøvet mellom lærar og elev, seier Aslaug Grov Almås som er medredaktør i boka. Eitt av kapitla har ho skrive i lag med Mally Johnsen som jobbar ved ein vidaregåande skule på Sørlandet. Johnsen har tatt masterutdanninga IKT i læring ved HSH.

Boka «Den digitale lærergenerasjonen» spør kvifor det ser ut til å vera vanskeleg å endra undervisningsmønster i tråd med ynskje frå skiftande politiske myndigheiter og skiftande teoriparadigme.

Utgangspunktet er dei store endringane som har skjedd i norsk skule dei siste åra gjennom innføring av teknologi.

- Dette er endringar som påverkar undervisning og elevrolle og ikkje minst læraren si rolle. Gjennom forsking veit me at læraren er den viktigaste einskildfaktoren med tanke på elevar si læring. På tross av dette høyrer ein sjeldan læraren si stemme i det offentlege rommet, seier Aslaug Grov Almås.

Teknologi endrar vilkåra

Boka er ein vitskapleg antologi.

- Det vil sei at ho er forskingsbasert og dokumenterer kunnskapar, dels gjennom teoretiske drøftingar og dels gjennom empiriske undersøkingar.

I boka spør forfattarane om det kan vera andre årsaker enn at lærarar heng etter i teknologisk utvikling som er forklaringa på at teknologi blir lite brukt.

- Teknologi er verktøy. Det vil seia at det er eit middel og ikkje eit mål i seg sjølv. Men det er eit sterkt verkemiddel, først og fremst på grunn av den sentrale posisjonen teknologien har fått i kvardagen vår generelt, skriv forfattarane i omtala av boka.

- Teknologi som støtte i undervisninga endrar vilkåra for læring. For dei som ikkje kjenner læraryrket frå innsida kan det verka enkelt å skapa god undervisning. Tankar, verdiar, haldningar og etiske vurderingar som ligg til grunn er usynlege. Det same gjeld relasjonsbygging, kommunikasjon og alle dei etiske aspekt som ligg implisitt.

- Dette er aspekt som vert utfordra og endra når lærarar skal planleggja, gjennomføra og evaluera eiga teknologistøtta undervising. Grunnleggjande haldningar vert ikkje utan vidare endra i tråd med ytre påverknad frå læreplanar og læringsteoriar. I læraryrket handlar det om å byggje og vedlikehalde relasjonar som skal vara over tid.

Resultat av prosjekt

Arbeidet med boka kom i gong etter forskingsprosjektet «Etikk, sosiale medium og lærarutdanning». Eit prosjekt som har hatt fleire deler, og strekt seg over fleire år. Det har sitt utspring frå tida då Brita Bjørkelo, Ingrid Helleve og Aslaug Grov Almås deltok i forskingsgruppa ”Digitale Læringsfellesskap” ved Universitetet i Bergen. Prosjektleiar Bjørkelo, som no er førsteamanuensis ved Politihøgskolen, starta prosjektet i 2010 i lag med Zoe Morris ved Monash University i Australia.

Den nye boka har og eigne artiklar frå førstelektor Anders Grov Nilsen (HSH), førsteamanuensis Rune Herheim (HiB), professor Yngve Nordkvelle (HiL) og førsteamanuensis Geir Haugsbakk (Hil).

Målgruppa for antologien er fagfolk på alle nivå i utdanningssystemet; lærarstudentar, lærarar i grunn- og vidaregåande skule samt lærarar og forskarar på høgskule- og universitetsnivå.

Publisert: 12/02-2016, kl. 08:30
Ant. ganger lest: 3195