Du er no i arkivet for nettsidene til tidlegare Høgskolen Stord/Haugesund. Oppdatert informasjon finn du på den offisielle nettstaden til Høgskulen på Vestlandet.

Doktorgrad om UV-lys, uynskte mikroorganismar og ballastvatn

Ranveig Ottøy Olsen er HSH sin ferskaste fagtilsett med doktorgrad.

Gjennom fleire år har Ranveig Ottøy Olsen arbeidd med utfordringa i marine økosystem, kor uynskte mikroorganismar blir spreidd til nye geografiske områder med vatn frå ballasttankane på skip.

Overlever organismane og klarar å tilpasse seg i det nye miljøet, kan dei føre til bioinvasjon som kan få negative konsekvensar for økosystemet - samt at dei kan føre til økonomiske og helserelaterte problem.

For å verne det marine miljøet vedtok den Internasjonale Maritime Organisasjonen (IMO) konvensjonen “International Convention for the Control and Management of Ship’s Ballast Water and Sediments” i 2004 som krev at ein tek hand om ballastvatnet. Det inneheld og grenserverdiar for konsentrasjonen av organismar ved utslep. Rundt 30 prosent av reinsesystema for ballastvatn, som inaktiver eller fjerner dei uynskte organismane, nyttar i dag teknologi basert på ultrafiolett (UV) lys.

Olsen har utvikla ein rask og god metode for å evaluere levedyktigheten på algar etter ulike dosar av UV-stråling, for å kunne gje anbefalingar ved handsaming av ballastvatn.

Ranveig Ottøy Olsen er frå Nedstrand og har hovudfag i bioteknologi frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Ho har sidan 2007 vore tilsett ved Høgskolen Stord/Haugesund. Rettleiarane hennar var Friederike Hoffmann (UiB), Ingunn Alne Hoell (HSH) og Ole-Kristian Hess-Erga (NIVA).

HSH gratulerer!


Denne veka fekk Ranveig Ottøy Olsen i HSH tildelt doktorgraden på Universitetet i Bergen med avhandlinga si «Flow cytometry detection of phytoplankton in UV disinfected water. Implications for ballast water treatment and analysis».

Publisert: 22/06-2016, kl. 14:15
Ant. ganger lest: 2989