Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer

Arkiv:

XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Studentorganisasjonane fann kvarandre

Representantar frå alle dei ulike studentorganisasjonane på HSH møttest til konferanse i Haugesund sist veke. – Me prøver å finna måtar å samarbeida på, slik at me kan hjelpa kvarandre til å bli meir synlege og engasjera flest mogleg av studentane, seier Runar Gjertsen frå UKÅ-styret.

Av: Hege Myklebust

Det var deltakarar frå 11 ulike studentorganisasjonar på konferansen, som vart skipa til av studentsamskipnaden. Læringsmiljøkonsulent Nils Olai Heimark er svært nøgd med konferansen.

– Dette var svært nyttig både for oss og for leiinga ved høgskulen, som òg deltok. Me får tilbakemeldingar frå studentorganisasjonane, og dei får kontakt med kvarandre. Saman lærer me korleis me kan gjera studentmiljøet endå betre, seier Heimark.


GRUPPEARBEID: Representantar frå ulike studentorganisasjonar utveksla idear.

Studentaktivitetar løner seg
Den fyrste dagen handla om synleggjering av organisasjonane.

– Deltakarane fekk noko teori om merkevarebygging og kommunikasjon, og hadde gruppearbeid der dei la planar for korleis dei kan koma betre ut både på kort og lengre sikt. Den andre dagan arbeidde me med førebygging av rusproblem gjennom student-AKAN, fortel Heimark

– Det var veldig kjekt å få ansikt på namna frå dei andre organisasjonane, og bli betre kjend med dei andre, fortel student Runar Gjertsen. Han meiner det løner seg på alle måtar å engasjera seg i studentmiljøet sitt.

– Det er svært sosialt og kjekt, og ein får vera med på så mykje spennande, seier han.


FANN KVARANDRE: Runar Gjertsen frå UKÅ-styret var glad for å bli kjend med studentar frå andre organisasjonar. F.v. Heidi Matre (Studentparlamentet), Hans Bertin Hjortland (Råmund IL), Runar Gjertsen (UKÅ-styret), og Vibeke Robberstad (Parlamentet og MAST). 

Viser seg fram
Eitt av tiltaka som no vert sett i verk som eit resultat av konferansen, er at organisasjonane vil bruka den undervisningsfrie ettermiddagen, det vil seia onsdagar etter kl 12, til å profilera seg. Ein organisasjon om gongen vil bruka vrimlearealet til å visa seg fram for dei andre studentane og rekruttera folk til aktivitetane sine.

– Dei fleste studentane er glade for at andre gjer noko og organiserer aktivitetar, men mange deltek ikkje sjølve. Det er deira tap, dei går glipp av mykje, seier Runar. Han sit i styret for UKÅ, som vanlegvis blir arrangert i februar, men som i år vert lagt til september.

– Mange studentar er i praksis i februar, og me vil helst finna ei tid der flest mogleg kan delta, difor prøver me i år ein ny vri.

Forsmak på UKÅ
Han har tydelegvis lært ein del om å profilera organisasjonen sin, for reklamen kjem utan oppmoding:

– Dei som tykkjer det blir lenge å venta heilt til februar kan bli med på ei eineståande hending alt den 15. februar. Då blir det dobbeltkonsert på studnethuset Stødden i Haugesund, med Audrey Horne og Sagh. Noko så sjeldan som ein metal-kveld på Stødden – det bør de ikkje gå glipp av!


VISER SEG FRAM: Både rektor og direktør i HSH var med på konferansen, og fylgde med då dei ulike studentorganisasjonane presenterte seg.

| Mer


Publisert: 07/02-2008, kl. 06:00
Art.id: 2008020000001514
Antall ganger lest: 1059

Arkivsøk: