No kan du søkja studieplass
1. februar opna Samordna opptak for at nye studentar kan søkja på dei studia dei ynskjer seg til hausten. – Det er om å gjera å søkja alt du trur du kan vera interessert i no, og så kan du heller bruka litt tid på å omprioritera, seier rådgjevar ved HSH, Kjell Magnar Helland.
Det er nemleg berre fram til 15. april det går an å søkja seg inn på nye fag. Men rekkefylgja du vil prioritera kan du rokkera om på heilt fram til 1. juli.
Di eiga søknadsside på nettet
Nytt i år er at alle som skal søkja må gjera det elektronisk.
– På samordna opptak sine nettsider går du inn og registrerer deg, og seinare har du di eiga side der du kan redigera søknaden din som du vil, seier Kjell Magnar Helland, og klikkar og forklarar.
– Du kan òg få hjelp frå ei omfattande søkjarhandbok som ligg på sidene. Her ligg tilboda frå HSH saman med tilbod frå alle dei andre studiestadene i landet.
Nye og gamle studium
Det er styret som vedtek kva HSH skal tilby, og noko er nytt i år. Mellom anna er det kome til årsstudium i naturfag og ei ny faglærarutdanning i musikk.
Dei mest populære studia på HSH i fjor var idrettsfag, sjukepleie, førskulelærar og bachelor i samfunnsfag og utviklingsstudium.
– Her brukar me å ha ventelister, og det faget ein måtte ha høgast poengsum for å koma inn på i fjor var kroppsøving, fortel Kjell Magnar Helland.
Viktige fristar
Det er berre på grunnutdanningane du treng å søkja via Samordna opptak. Ynskjer du å ta praktisk pedagogisk utdanning eller mastergrad ikt i læring må du søkja lokalt opptak. Då vert søknaden din handsama på HSH, men fristane er dei same.
– Det er viktig å hugsa på at desse datoane ikkje er ei påminning om å gjera noko, men den faktiske, endelege fristen, seier Kjell Magnar Helland med eit smil. Han har erfart at mange er ute i siste liten, noko som fører til litt ekstra kav både for søkjarane og dei tilsette.
– Siste søknadsfrist er 15. april! Sjå elles alle fristane inne på samordna opptak sine sider.
Aktiv marknadsføring
Studieadministrasjonen ved HSH har vore aktive i arbeidet med å marknadsføra høgskulen for nye studentar.
– Ja, me har delteke på til saman 13 utdanningsmesser, og har vore på vidaregåande skular og folkehøgskular. I tillegg inviterer me skular og elevar hit på studieorientering, og studentane på faglærarutdanninga har turnert med operaprosjektet sitt – det er stor aktivitet, seier Kjell Magnar Helland.
Sjå HSH sitt studietilbod
Her lastar du ned årets studiekatalog
Ta kontakt med våre studierettleiarar

VENTAR PÅ STUDENTAR: Rådgjevar Kjell Magnar Helland er klar til å ta imot nye studentar som søkjer seg til HSH.
Publisert: 20/02-2008, kl. 06:00