Aktuelle debattar "når nettene blir lange"
Redaktør i Nettavisen, Gunnar Stavrum, kjem til konferansen "Når nettene blir l@nge" på HSH 6.-7. mars.
– Det er spanande og brennaktuelle spørsmål Stavrum skal debattera, fortel høgskulelektor Anders Grov Nilsen i HSH.
Anonyme ytringar
Tittelen på innlegget til Stavrum er "Anonyme ytringar".
– Debatten om å få vera anonym på nettet rasar. Stig Inge Bjørnebye fekk medhald i sin klage mot pressa. Nyleg vart Gunnar Stavrum sjølv klaga inn for PFU av tidlegare P4-journalist Madeleine Cederström. Hos oss tek han opp problemstillinga om nettdeltakarane bør få vera anonyme eller ikkje, fortel Anders Grov Nilsen i HSH.
Sjølv skriv Gunnar Stavrum nettblogg, og er ikkje redd for å ta kraftig i under fullt namn. Han får òg motbør mellom anna frå nestleiaren i SV, Audun Lysbakken. Men bør media publisera uredigerte utsegner frå anonyme debattantar?

PÅ VEG TIL HSH: Gunnar Stavrum kjem på "Når nettene blir l@nge" og diskuterer anonymitet på nettet. (Foto: Nettavisen. Illustrasjon: Terje Rudi)
Spekka program
Programmet for konferansen er òg elles spekka med aktuelle emne som engasjerer både foreldre, lærarar, studentar og datafrikar.
– Dette trur eg blir veldig kjekt, eg håpar og trur mange vil finna vegen til HSH til konferansen, seier Anders Grov Nilsen.
Sjå programmet
Publisert: 21/02-2008, kl. 06:00