Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer

Arkiv:

XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Byr på god musikk

Laurdag 28. februar blir det musikkfest på HSH Rommetveit. Øyo 09 skiltar med ni sterke band på to scener.

- Me gler oss, og håper folk stiller opp og blir med, seier Vidar Hope i arrangørstaben.

I lag
Han fortel at arrangementet Øyo 09 har rot i ei gruppe med studentar og tilsette i HSH og andre musikkglade folk på Stord.

- Me har det til felles at me liker å spela og høyra på musikk. Samstundes har me ein del erfaring frå å laga musikkfestivalar – og no ville me gjera noko i lag, fortel han.

Gode lokale
At det blei musikkfest i kalde februar månad er heilt medvite.

- Dette er ein periode der det skjer relativt lite på musikkfronten. Det er nokre konsertar her og der, men me ønskjer å samla folk til eit større arrangement – og gje dei ei fin musikkoppleving.

- Dei første banda går på scena klokka 18 og det siste klokka halv eitt. Me brukar amfiet og aulaen her på HSH. Såleis har me gode lokale, meiner Vidar Hope.

Støttespelarar
Han fortel ar dei har brukt Facebook aktivt i marknadsføringa.

- 1500 invitasjonar er sendt ut og nærare 280 har sagt at dei vil koma. Facebook er ein god kanal å bruka til slike ting.

Arrangørane bak Øyo 09 har og fått positiv draghjelp.

- SKL, Sparebanken Vest, Spar Haga, HSH og Stord kommune er viktige støttespelarar for oss.

- Er arrangementet kome for å bli?
- Me håpar dette kan vera starten på nye arrangement, seier Vidar Hope og student Iselin Skoglund i arrangørstaben.

Sjå programmet for Øyo 09


MUSIKK AV GOD KVALITET:
Arrangørstaben bak Øyo 09 ønskjer å gje folk gode musikkopplevingar med høg kvalitet.

| Mer


Publisert: 26/02-2008, kl. 08:30
Art.id: 2008020000001689
Antall ganger lest: 693

Arkivsøk: