Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

HSH tek del i kompetanseløftet

I dag samlast eit tjuetals representantar frå toppleiinga i kommunar i regionen seg til Etter- og vidareutdanningskonferanse på Stord.

? Dette er ein del av det store kompetanseløftet, som kommunar over heile landet gjennomfører no. HSH må visa at me er viktige i dette, seier dekan Harry Herstad.

 

HSH har vore med på slike konferansar både i Stavanger og Bergen tidlegare i år, saman med fylkesmennene i Rogaland og Hordaland.

Regional oppfylging

? Dette er ei oppfylging i vår region, der me inviterer skuleeigarar kring Sunnhordland, Hardanger, Voss og Haugalandet. Me vil prøva å vera så konkrete som råd, og både presentera dei tilboda me kan ha frå hausten av, og til våren og neste haust. Her prøver me å møta dei behova som finst i kommunane, seier Herstad.

HSH som kompetansepartnar

Han meiner det er viktig at HSH finn sin plass og viser seg fram som ein viktig partnar i kompetansehevinga.

? Me må by oss fram, og visa at kommunane kan satsa på oss, at me kan gje dei det dei treng.

Mellom dei viktige områda det blir satsa på no er andre framandspråk, spansk. Her har HSH lyst ut stillingar og skal tilsetja i inntil to stillingar i neste veke. I tillegg er pedagogikk og grunnleggjande lese-, skrive- og matematikkundervisning emne skulane treng meir av.
? Skuleutvikling og skuleleiing er òg sentrale emne der me vil prøva å møta etterspurnaden, fortel Herstad.

EVU viktig marknad

Etter- og vidareutdanning er viktig for HSH alt i dag.

? Dette er ein del av ei langsiktig satsing: EVU-marknaden blir meir og meir sentral, og me må posisjonera oss i høve til det. Me har alt etablert eit godt og fruktbart samarbeid med kommunane i Forum for opplæring i Sunnhordland og Karmøy kommune, her har me noko å byggja vidare på og utvida, seier Herstad.


hmy


Publisert: 10/03-2005, kl. 08:00
Art.id: 2005030000001017
Antall ganger lest: 1464

Arkivsøk: