Korleis verkar mobiltelefonen på ungdom?
Det er noko av det stipendiat Steinar Westrheim frå lærarutdanninga ved HSH forskar på.
- Eg arbeider med å finne ut kva mobiletelefonen betyr for ungdom og livet deira, seier han.
Dagbok
Det er enno tidleg i datainnsamlinga, som han gjer blant elevane på grunnkurs vidaregåande skule på Stord.
- Eg har starta med å kartleggje når dei brukar telefonen og kva dei brukar den til. Her har eg delt ut ei dagbok som dei fylte ut gjennom ei helg. Desse notata brukar eg som utgangspunkt for gruppeintervju omkring mobiltelefonar og mobilbruk.
Nakne
Så langt er det mange interessante funn.
- Kort sagt blir telefonane brukt til alt frå vekkjarklokke til flørting. Dei er meir eller mindre avhengige av mobilane. Fleire seier dei føler seg nakne utan mobil. Dei treng mobilen for å vite kva klokka er. Mange brukar ikkje armbandsur.
Rette designet
Det er og viktig at mobilen har dei rette funksjonane.
- Kamera og alarmfunksjon er viktig, og at den har det rette designet. Telefonane må ikkje vere for store. Det skal vere såkalla ungdomstelefonar, fortel han.
Tette samband
Forskingsarbeidet er ein del av doktorgradsutdanninga til stipendiat Steinar Westrheim ved HSH.
- Teoretisk ser eg på mobilane som såkalla "funksjonelle organ", med tett samband mellom teknologi, identitet og kropp. Det er slike samband, som og har pedagogiske konsekvensar, eg skal undersøkje nærare i det vidare arbeidet.

MOBIL FORSKING: Kva skjer når ein tar mobiltelefonen frå ungdommen? Doktorgradsstipendiat Steinar Westrheim ved lærarutdanninga på Stord forskar på ungdoms bruk av mobiltelefon. Stipendiatet hans varer ut desember 2008.
Publisert: 13/10-2006, kl. 05:00