Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Praksis på heimebane

- Ein kjempefin måte å ha praksis på. Både elevane og me storkosar oss, seier naturfagstudent Laila Stokknes. Saman med klassen sin har ho invitert 160 sjuandeklassingar til naturfagskule på HSH denne veka

Elevane har fått undervising og gjort ulike forsøk i høgskulen sitt laboratorium.
Stokknes tykkjer det er bra med alternativ praksis.

- Me får ein heilt anna kontakt med elevane. Ute i skulen må ein ofte følgja eit fastsett opplegg. Her får me sjølve ta avgjerder og planlegga det meste. Denne typen praksis utfyller den vanlege skulepraksisen.  Eg vil råda andre til å prøva ut  denne måten å gjera det på, seier 4. årsstudenten.


DELTEK:
Elevar frå Rommetveit skule blandar vatn og olje.


Naturfag
LITT TEORI MÅ TIL:
Kor i kroppen er lungene?


Publisert: 08/02-2007, kl. 12:15
Art.id: 2007020000001316
Antall ganger lest: 1887

Arkivsøk: