Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Meir og meir engelsk

Når arbeidsspråket i stor grad vert engelsk trengs det kursing. Denne veka starta HSH eit nytt kurs i engelsk for industrien og næringslivet i Kvinnherad.

Sunnhordlandsregionen er inne i ei tid med store industriprosjekt. Det byggast og jobbast på alle kantar i landet og utanlands. Solide språkkunnskapar og personar som kan jobbe i eit meir og meir internasjonalt miljø er viktig for verksemdene.

Kurset i ?Business-engelsk? vert leia av lærar Asbjørn Farbu.

- Me har fem samlingar. Ein no, og fire til hausten. Deltakarane har litt ulike behov, men dei fleste ønskjer å bli trygge på det skriftlege og det munnlege tilpassa deira arbeidssituasjon. Nokre ønskjer også litt om kulturforståing, seier han.

Kurset er gratis for dei verksemdene som får refundert kompensasjonsmidlar gjennom Samarbeidsrådet i Sunnhordland.


BLIR KURSA:
Industrien i Sunnhordland har store og utfordrande industriprosjekt både til lands og til sjøs i tida som kjem. Dei er splitta opp i mange moduler, som vert bygde i fleire ulike land. Under slike forhold trengst folk med gode språkkunnskapar. På kurset i Kvinnherad finn ein verksemder som Sør-Norge Aluminium (SØRAL), Eide Marine Services, Umoe Schat-Harding og Skarveland.


Publisert: 01/06-2007, kl. 09:15
Art.id: 2007060000001391
Antall ganger lest: 1714

Arkivsøk: