HSH må bli betre på tilbakemeldingar
Studiesjef Geir Tveide og studieleiar på øk.adm. Svein Abrahamsen har gjennomført og analysert den store trivnadsgranskinga 2007. – Det mest interessante er å sjå kva me kan bli betre på, og då er det å gje tilbakemeldingar til studentane som peikar seg ut, seier Svein Abrahamsen.
Trivnadsgranskinga i 2007 var todelt – studentane skulle svara på ein del om generell studiekvalitet, og ein del om programkvalitet, som handlar om det faglege innhaldet i utdanningane.
Ny undersøkingsmetode
Tidlegare har HSH brukt å laga sine eigne spørsmål i trivnadsgranskingane, men i år har dei brukt eit internasjonalt kjent skjema for undersøking av studium, det såkalla Course Experience Questionnaire, omsett til norsk av Høgskolen i Østfold til Erfaringar med studiet.
– Dette gjev oss eit betre bilete av korleis studentane opplever studia sine her, og me kan samanlikna oss med andre som brukar same skjema, og til dømes samanlikna Stord med Haugesund, eller lærarutdanninga med ingeniørutdanninga, fortel Svein Abrahamsen.
Betre tilbakemeldingar
– Studentane er jamt over nøgde med det faglege innhaldet i studia sine her, men det me skårar dårlegast på er altså dette med tilbakemeldingar, seier Abrahamsen.
Det er to spørsmål som handlar om tilbakemelding: Om lærarane brukar mykje tid på å gje tilbakemeldingar på oppgåver, og om studentane får tilbakemeldingar på korleis dei ligg an i studiet.
– Me skårar under middels på begge desse spørsmåla, og det er dermed eit område der me kan bli betre. Det hjelper lite om lærarane meiner dei brukar mykje tid på tilbakemeldingar dersom studentane ikkje oppfattar det slik, seier Abrahamsen.
Mest nøgde med eiga utvikling
Det studentane er mest nøgde med, er at dei generelt lærer mykje og utviklar seg ved å studera på HSH.
– Dei tykkjer at studia hjelper dei til å organisera sitt eige arbeid, kommunisera og uttrykkja seg skriftleg, betra dei analytiske evnene, bli meir sikre på å handtera nye og ukjende problemstillingar, og bli betre til å løysa problem. Kring 63 % av studentane som har svara på granskinga seier dei i det store og heile er nøgde med studiet sitt.
Gode rammevilkår
I den generelle delen av granskinga uttalar studentane seg òg om dei ytre rammevilkåra for studiekvalitet. Studiesjef Geir Tveide fortel at studentane er nøgde med sørvisen dei får på HSH. Både biblioteket, bokhandelen, IKT brukarstøtte og studenttorget får gode karakterar av studentane.
– På Stord er det særleg Studenttorget og biblioteket som får ros frå studentane, i Haugesund får IKT brukarstøtte toppkarakter. Kafeen på Stord skårar òg høgt, og bokhandelen i Haugesund, seier Geir Tveide.
Masterstudiet skårar høgast
Av dei ulike studieprogramma er det masterstudiet i IKT i læring som skårar aller høgast.
– Masterstudentane er ei lita gruppe, og dei får tett og god oppfylging frå dei tilsette. Dette er dei mest nøgde studentane me har ved HSH, trass i at dei opplever at det vert stilt høge krav til dei, fortel Tveide.

HAR ANALYSERT: Studieleiar Svein Abrahamsen (t.v.) og studiesjef Geir Tveide la fram resultata frå trivnadsgranskinga på læringsmiljøkonferansen i Rosendal.
Publisert: 28/02-2008, kl. 06:00