Mange vil ta realfagskurs
Over 140 søkte opptak til det nettbaserte realfagskurset som starta opp på HSH i helga. Kring 110 var kvalifiserte, og 90 studentar møtte opp til fyrste samling.
Av: Hege Myklebust
– Det er opp til motivasjonen og innsatsen til kvar einskild student om dei skal greia seg gjennom heilt til dei endelege prøvane, seier høgskulelektor Brit Julbø som er ansvarleg for det nettbaserte realfagskurset i HSH.
Mange som tek realfagskurs for å skaffa seg den naudsynte kompetansen til ingeniørstudia opplever kurset som svært intensivt og krevjande.
– Vilje og hardt arbeid må til for å greia det, seier Brit Julbø på ingeniørutdanninga i Haugesund. Ho underviser sjølv i matematikk og fysikk på ingeniørutdanningane, og har det administrative ansvaret for realfagskursa.
Aukande krav om utdanning
– Mange har kanskje vore borte frå skulegangen lenge, og treng å læra seg å bli studentar igjen. Men i år ser me òg at fleire søkjer direkte frå vidaregåande, så me har auka søknad over heile lina.
Ingeniørutdanninga og realfagskursa merkar auke i tal på søknader og at dei har betre kvalifiserte søkjarar enn før.
– Me opplever at det er stor etterspurnad etter ingeniørar for tida. Det er oppgangstider i industrien og lett å få jobb, men like viktig er kanskje at selskapa i større grad enn før stiller krav til formell kompetanse. Mange av våre studentar har arbeidd i Nordsjøen, og har fått melding om at dei må ta utdanning om dei ynskjer å halda fram i jobben eller avansera i systemet.
Viktig rekrutteringsgrunnlag
Realfagskurset på HSH er svært viktig for rekrutteringa til ingeniørstudiet.
– Minst halvparten, og opp mot to tredjedelar av studentane på ingeniørfag kjem frå realfagskurset. Pensum er plukka ut frå dei same faga som dei har på vidaregåande skule, men me går ikkje gjennom absolutt alt. Lærarane på ingeniørfag har plukka ut det sentrale for dei vidare studia, og veit dermed akkurat kva studentane kan når dei er ferdige.
Nettkurs med helgesamlingar
Kurset som starta sist helg er lagt opp slik at studentane kan vera i vanleg arbeid ved sida av. Det er nettbaserte oppgåver og studiestoff, kombinert med ni helgesamlingar.
– Det er berre den fyrste samlinga som er obligatorisk, men me oppmodar så sterkt me kan om at dei må møta opp på resten òg. Erfaringane viser at dei fleste treng den undervisninga dei får på samlingane, seier Brit Julbø.

STOR PÅGANG: Det er mange studentar som ringjer Brit Julbø om dagen - ho er ansvarleg for det nettbaserte realfagskurset til HSH som starta i helga.
Publisert: 05/02-2008, kl. 06:00