Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Rusomsorg for ufaglærde

– Det er ein flott og kunnskapsrik gjeng eg har hatt på kurs, eg skulle gjerne hatt dei her lenger, seier høgskulelektor Birger Håvik om dei 25 ufaglærde rusomsorgsarbeidarane han har hatt på kurs i fire månader. Gruppa har mellom anna vore på studietur til København.

– Me har hatt fire samlingar, kvar over tre dagar, forklarar Birger Håvik. Ei av samlingane var altså lagt til København, der studentane fekk vitja eit herberge for rusmisbrukarar, og studera korleis rusomsorga blir driven der.

Christiania gjorde inntrykk
Under studieturen til København var gruppa òg i fristaden Christiania, noko som gjorde stort inntrykk på dei som var med.

– Me var stort sett samde om at det må vera svært positivt å ha ein slik fristad der rusmisbrukarane kan vera saman under ordna forhold. Her bur dei og arbeider, dei skaffar seg inntekt på lovleg vis, og driv både restaurantar, verkstader og til og med barnehage, fortel Håvik.

Godt grunnlag for vidare arbeid
Studentane på rusomsorgskurset er miljøarbeidarar eller assistentar i rusomsorga, og er i full jobb medan dei studerer.

– Me har studentar frå Bergen i nord til Stavanger i sør, og det er ei veldig fin gruppe. Dei arbeider med oppgåver, og presenterer for kvarandre i plenum. Dei har mykje erfaring å bruka i diskusjonane, så me har hatt svært gode samlingar. Det er synd det snart er slutt, seier Birger Håvik.

Han er fagleg ansvarleg for kurset, og har leigd inn førelesarar både frå helsefag på HSH og frå rusomsorg fleire stader i landet. Den siste samlinga skal vera no i februar. Då har studentane skaffa seg 15 studiepoeng, og har fått eit betre grunnlag og meir motivasjon til å arbeida vidare innan rusomsorg.



GODE DISKUSJONAR: Studentane på rusomsorgskurset har gode gruppediskusjonar saman med fagansvarleg Birger Håvik.

| Mer


Publisert: 18/02-2008, kl. 08:15
Art.id: 2008020000001520
Antall ganger lest: 1130

Arkivsøk: