Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Frå fjern og nær til HSH

– Stord er ein sosial og vakker stad å studera, tykkjer dei fem internasjonale studentane som bur på studentbustadene denne våren. – Det er så lett å bli kjend med folk når me er på ein liten stad, og alle er tilreisande - me har alt fått mange nye vener etter berre to veker her, seier dei.

Mark Nutley frå Irland, Manuel Ruano og Charisse Marroquin frå Guatemala, Rasmus Thambo frå Danmark og Tânia Beja frå Portugal er samde om at det er vakkert på Stord, men at prisane for å leva her er stive.

– Det er i grunnen det einaste negative me har å seia, det er alt for dyrt her. Elles er det berre kjekt, seier Tânia. Ho likar til og med vêret.
– Kulden og regnet er så annleis enn heime, eg tykkjer det er stas, seier kroppsøvingsstudenten.

Internasjonalt musikkmiljø
Mark, Manuel og Charisse studerer det ferske faget Music and Identity.
– Eg spelar tuba, fortel Mark, og flirer litt av den tungvinte flyreisa med tuba-kofferten.

Han fekk høyra om HSH då to utsendingar frå HSH vitja det colleget han gjekk på heime i Irland. Manuel og Charisse kom hit fordi Magne Espeland på musikkseksjonen ved HSH har kontakt og samarbeid med ein av musikklærarane på Universitetet der dei to studerte. I tillegg er venskapen mellom Stord og Comalapa eit bindeledd som gjer at kontaktane er gode.

Fjell og frisk luft
Også i København var det ein lærar som hadde kontaktar ved HSH, og som tipsa Rasmus om at det var mogleg å få utvekslingsplass på Stord.

– Eg studerer pedagogikk, og kjem nok til å arbeida med born eller psykisk utviklingshemma. Her har eg fått plass på faglærarutdanninga, og eg stortrivst!
Det er ein veldig grei klasse, og me har alt vore på fjelltur saman, fortel Rasmus.

– Det var nemleg eitt av måla med å koma hit. Eg ville ha frisk luft og fjell rundt meg. Ei stor avveksling frå flate og urbane København, og eg har fått akkurat det eg hadde håpa.

Store kontrastar
Tânia kom til HSH fordi ein nabo hadde studert her, og gav henne råd om å reisa.

– Men eg visste ikkje mykje om kva som venta meg. Både at det er ein så liten plass, naturen og veret – eg vart veldig overraska då eg kom hit, fortel ho.

Den største forandringa er det likevel dei guatemalske studentane som opplever. Dei to studerer til vanleg på eit universitet i hovudstaden Guatemala City, der det bur 2,6 millionar menneske.

– Ja, me er langt heimefrå, smiler dei.

Sosialt og kjekt på studentheimen
Studentane er samde om at det er kjekt å bu på studentheimen, der dei kjem i kontakt med mange andre studentar.

– Me er mykje saman som ei gruppe me som er utlendingar, men me har også blitt kjende med dei norske studentane som bur her. Her deler me alt, og er saman om alt, seier studentane.

– Me får mange opplevingar og lærdomar å ta med oss heim.


GODE VENER:
Dei utanlandske studentane er blitt gode vener, og finn seg godt til rette på HSH. Frå venstre Rasmus Thambo (Danmark), Charisse Marroquin (Guatemala), Tânia Beja (Portugal), Manuel Ruano (Guatemala) og Mark Nutley (Irland) 

| Mer


Publisert: 19/02-2008, kl. 06:00
Art.id: 2008020000001521
Antall ganger lest: 1175

Arkivsøk: