Søkjer om senter for omsorgsforsking
Eit samla fagmiljø på Vestlandet har levert ein felles søknad til Noregs Forskingsråd om midlar til eit senter for omsorgsforsking, region vest.
Av: Hege Myklebust
Bak søknaden står Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund, Betanien diakonale høgskole, Haraldsplass diakonale høgskole, Høgskolen i Bergen, Universitetet i Bergen, Olav Viken alderspsykiatriske sjukeheim, Røde Kors sjukeheim og Løvåsen undervisningssjukeheim, Helse Bergen, Helse Førde og Helse Fonna.
Stort behov for forsking
– Målsetjinga med eit slikt senter er å forska fram og formidla kunnskap om dei institusjonelle vilkåra for at omsorgstenestene skal kunna baserast på kunnskap, kompetanse og kvalitet, fortel FoU-leiar Maj-Britt Råholm i HSH. Ho fortel vidare at fokus skal setjast på omsorgstenestene i kommunane, og då særleg eldreomsorga.
– Det er eit sterkt og aukande behov for slik forsking. Frå EUROSTAT 2005 veit me at den delen av folk som er over 65 år vil veksa med 50-100 % over dei neste 30 åra.
Stort miljø
Råholm fortel at dei i USA er komne mykje lengre enn her med å forska på og publisera vitskaplege arbeid om eldreomsorg.
– Difor er det ekstra viktig å ha internasjonale kontaktar. Me samarbeider med University of California i San Fransisco. I tillegg er Karolinska Institutet i Sverige samarbeidspartnar.
Frå før finst det eit anna senter for omsorgsforsking i landet, det ligg på Gjøvik.
– Me håpar verkeleg at denne søknaden går inn, for me treng å styrkja forskinga kring dette òg her på Vestlandet. Om det går slik me håpar, blir det eit stort senter, som får fysisk tilhaldsstad på Høgskolen i Bergen, men der alle arbeider saman i eit nettverk. Sjølv er eg tenkt som prosjektleiar for eitt av tre delprogram, som heiter «Omsorgens grunnlag, fenomen og vilkår».
Styrkjer HSH
Råholm meiner det vil vera ein stor styrke for HSH å kunne delta i eit slikt forskingssenter.
– Dette vil styrkje vår plass i eit større forskingsmiljø, og me vil får løfta fram alt det gode FoU-arbeidet me driv her. Me vil halda på den FoU-profilen me har, og det vil bli lettare å få midlar til dei prosjekta me er interesserte i når me er del av eit nettverk.
I avdeling helsefag i HSH utkrystalliserer det seg no tre ulike forskingsprogram; klinisk utdanning, eldreomsorg, og psykisk helse. Helsefag har ein stipendiat i klinisk utdanning, men Maj-Britt Råholm ynskjer seg at det òg blir tilknytt ein stipendiat til kvar av dei andre programma.
– Desse stipendiatane kjem til å spela ei viktig rolle i samarbeidet med eit slikt senter for omsorgsforsking. Helsefag har elles åtte stipendiatar og ein del fyrstelektorar som vonleg kan gå inn aktivt i forskinga hvis senteret blir ein realitet.
- Forskinga skal òg gjennomsyra den undervisninga som studentane får. Forsking er utfordrande, men svært inspirerande og gledeleg, avsluttar Råholm.

HÅPAR PÅ POSITIVT SVAR: FoU-leiar på helsefag Maj-Britt Råholm håpar og trur at Noregs Forskingsråd vil oppretta eit senter for omsorgsforsking på Vestlandet. – Det er synd at mange gode fagfolk skal sitja og driva med kvar sine forskingsprosjekt på kvar si tue. Saman står me sterkare, og kan koordinera prosjekta slik at dei utfyller kvarandre og gjev meir kunnskap, seier ho.
Publisert: 22/02-2008, kl. 06:00