Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Temamøte om teknologirevolusjon og kompetanse

– Tett kontakt mellom industrien og utdanningssystemet kjem begge sider til gode, seier dagleg leiar i EnergiRike Einar Womersley Waage. Torsdag 6. mars inviterer han til temamøte på høgskulebygget i Haugesund.

Interessefellesskapet EnergiRike er eit samarbeid mellom industriaktørar i energi- og prosessindustrien og den petromaritime industrien i Hardanger, Sunnhordland, Haugalandet og Ryfylke.

– Me høyrer til ein heilt unik region når det gjeld energiindustri, men det er lett for at me forsvinn litt mellom Bergen og Stavanger. EnergiRike har som mål å gjera den spesielle kompetansen i vår region meir synleg, seier Waage.

Viktig samarbeid mellom næringsliv og høgskule
Han trur òg det er svært verdifullt at industrien i regionen har tett kontakt med høgskulen.

– Det har verdi for oss, fordi me er avhengige av å rekruttera arbeidskraft. Det har òg stor verdi for studentane, fordi dei kan bli kjende med arbeidsmarknaden gjennom sommarjobbar, prosjektoppgåver og praksis knytt til næringslivet. Det er òg viktig for høgskulen å halda seg oppdatert på kva behov som finst i industrien, så dette tener alle på, meiner Waage.

Temamøte nytt tiltak
For å nå måla sine har EnergiRike utvikla fleire tiltak, det første og største er EnergiRike-konferansen, som har vorte gjennomført kvart år sidan 2004.

– Dette har blitt ein stor og viktig konferanse på nasjonalt plan, og HSH har heile tida vore ein viktig samarbeidspartnar fortel Waage.

Det andre tiltaket er toppleiarmøtet EnergiRike Summit, der sentrale toppleiarar innan industrien blir utfordra på store og sentrale spørsmål. Årets toppleiarmøte handlar om fornybar marin energi.

– Eit tredje tiltak som me prøver oss på for første gong no, er altså temamøte på høgskulen. Det blir eit informasjonsmøte for alle som er interesserte, og dersom det blir vellukka ser me føre oss at me vil prøva å halda slike møte fleire gonger, gjerne både på Stord og i Haugesund.

Teknologirevolusjon og kompetanse
Møtet den 6. mars har tittelen ”teknologirevolusjon og kompetanse”, og tek føre seg den indiske teknologirevolusjonen. Kva har denne å seia for norske kompetanseverksemder?
 
– India har meir enn 500 millionar menneske under 25 år, eit utmerkt engelskspråkleg utdanningssystem med over 270 universitet, ein kultur med respekt for kunnskap og utvikling, og ein stor vekstøkonomi i global samanheng. Føredraga set søkjelys på ulike utfordringar og moglegheiter knytte til den globale teknologirevolusjonen og kompetanse, fortel Waage.

Indisk kompetanseproduksjon
Ein av føredragshaldarane er Bandra Singh, leiar for Logicas utviklingssenter i Bangalore i India. Han skal snakka om den indiske satsinga på høgteknologi, og korleis denne kan spela ei rolle for norsk kompetanseutvikling og verdiskaping.


KJEM TIL HAUGESUND: Bandra Singh føreles om indisk høgteknologisatsing på temamøtet
 
Knut Korsell, Director Utility Norway i Logica CMG skal snakka om korleis me kan utnytta mogletheiter i India for eit land som Noreg, der me har avgrensa kompetanseressursar, men stor appetitt på store og kompliserte prosjekt. 
 
– Eg håpar både tilsette og studentar ved HSH finn dette interessant, sluttar Waage.

Tid: Torsdag 6. mars  kl 14:00 – kl 16:00 
Stad: Høgskolen Stord/Haugesund auditorium C,  Haugesund
Tema: Teknologirevolusjon og kompetanse

Meld deg på her 

| Mer


Publisert: 25/02-2008, kl. 09:00
Art.id: 2008020000001528
Antall ganger lest: 973

Arkivsøk: