Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Vann prisen

Det var Studentersamfunnet i Haugesund som trekte det lengste strået, og fekk prisen for årets beste studentaktivitet i HSH. Vinnaren vart kåra på læringsmiljøkonferansen i Rosendal i går kveld.

Det er Studentsamskipnaden som deler ut prisen til ein studentorganisasjon som er med på å skapa eit godt studentmiljø. Dette er tredje året at prisen vert delt ut, og leiar for Studentersamfunnet Anne-Martha Utne Øygarden jublar.

Bygd seg opp
– Me er kjempeglade! Det var nervepirrande å venta på avgjerda frå juryen, for alle dei tre nominerte var sterke kandidatar. Særleg MAST (Maritime studentar), som har bygd seg opp frå ingenting i løpet av 2007, eg var sikker på at dei skulle få prisen.

Reisestipend
Prisen er eit reisestipend på 25.000 kroner, og diskusjonen gjekk høgt i går kveld om kvar turen skulle gå.

– Me har massevis av gode idear, men har ikkje konkludert enno. Me er jo 12 i styret, og halvparten er ikkje her, så dei må òg få vera med på avgjerda. Ein aktuell tanke er å vitja eit studentersamfunn ein annan stad, til dømes i Danmark, for å sjå korleis dei får til å driva sine aktivitetar.

Anne-Martha takka for prisen, og passa på å dela æra med fleire.
– Det styret som sat i byrjinga av 2007 er no gått av og er ferdige på skulen. Men det var dei som tok initiativ til oppussinga av Stova på Stødden, og dei gjorde eit flott arbeid – dei må ikkje gløymast.


GLADE PRISVINNARAR: Anne-Martha Utne Øygarden (t.v.) frå Studentersamfunnet i Haugesund tok imot prisen for beste studentaktivitet for 2007. Dei to andre nominerte som òg fekk diplom og rosande omtale var Studentersamfundet på Stord ved Iselin Skoglund (i midten) og Maritime studentar (MAST) ved Hanne Mæland Strand (t.h.). Foto: Nils Olai Heimark.

| Mer


Publisert: 27/02-2008, kl. 10:00
Art.id: 2008020000001531
Antall ganger lest: 1434

Arkivsøk: