Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Lange netter for alle

Seniorsurf, dataparty og sterke meiningar frå Gunnar Stavrum i Nettavisen. Første dag av møtestaden "Lange netter" romma mange spennande tema. Nyskipinga "Digital frivilligpris" blei og delt ut. Den gjekk til Kristine Tofte og hennar blogg.

Dette er andre året HSH, mediehuset Sunnhordland og Sunnhordland kraftlag inviterer folk flest til "Lange netter" ? ein møtestad med program, føredrag, meiningsutveksling og aktivitetar for ulike aldersgrupper. Det handlar om bruken av IKT i kvardagen til folk flest; anten det er snakk om skule, jobb eller fritid. Fredag 7. mars kan også du delta på "Lange netter" på HSH - sjå program.

Stor pågang
Tidlig i går ettermiddag rykka 20 seniorar inn for å læra seg meir om internett og e-post. Med kyndig og lun rettleiing frå HSH-lærarane Harald Haugen og Martin Risvold fekk gruppa innblikk i ein for mange ny digital kvardag. Dei fekk prøva seg på å finna fram til ulike aviser, e-post og telefonkatalogar.

Aksel Sæther i Sunnhordland kraftlag var godt nøgd med responsen.

- Me har hatt stor pågang på dette tiltaket som me no testar ut for første gang. Me har 40 personar inne i dag og i morgon - og heile 28 på venteliste.

Seniorsurf1
FRÅ SENIOR TIL SENIOR:
Internett er ikkje berre for dei under 60. Her gir Harald Haugen god rettleiing.


ALDRI FOR SEINT Å LÆRA:
Nettaviser og meir kunnskap er berre nokre få klikk unna, kan Martin Risvold fortelja.

Tar heilt av
Ein del av seniorane fekk såpass vatn på mølla at dei heiv seg på føredraget til Marianne Herfindal Johannessen frå Statsarkivet i Bergen. Ho snakka om å finne tippoldemor på nettet, eller slektsgransking om du vil.

- Dette med slektsgransking og lokalhistorie tar heilt av for tida. Me har over 200 000 unike besøk kvar dag på nettstaden Digitalarkivet.

Sjølv skriv ho ein del om lokalhistorie på bt.no og i ulike lokalhistoriske bøker, til dømes Sunnhordland årbok.

- Det å formidle historia på ein lett måte er viktig. Eg trur det er viktig å formidla det med tabloide overskrifter, seier Herfindal som sjølv har vore student ved HSH.

Slektsgransking
POPULÆRT:
Slektsgransking er i vinden som aldri før. Gode databasar som ein kan søkja i er lett tilgjengeleg. ? Nokre av databasane legg opp til at me som brukarar og kan publisera informasjon og bilete, seier Marianne Herfindal Johannessen frå Statsarkivet i Bergen.


STERKE MEININGAR:
Gunnar Stavrum i Nettavisen haldt eit godt føredrag om anonyme ytringar. - Dette er eit særs vanskeleg tema som me dagleg strir med. Enkelt sagt handlar dette om spennet mellom ytringsfridom og trakassering.

3-d
3-D: Høgskulelektor Kjetil Sømoe i HSH fortel korleis ein 3-d-skrivar fungerar.

Lego league 2
LEGO ER KJEKT:
Leirvik skule gjekk til topps i tevlinga Lego League. Her får dei pokal av prosjektleiar for "Lange netter"; Anders Grov Nilsen i HSH.

Lego League 1
REALFAG + LEGO = SANT:
To elevar frå Sagvåg skule gjer seg klare.

Vavik
IKT OG SKULE: Korleis påverkar digital teknologi kognitive ferdigheter, læring, undervising? Og korleis påverkar den digitale kvardagen våre sosiale verdiar og vår livsstil? Avdelingsdirektør Øystein Johannessen i Kunnskapsdepartementet (tv) og førsteamanuensis Lars Vavik i HSH gjer seg klare til debatt.


LAGAR NETTAVIS:
Elever frå Hauge skule i Haugesund har prosjekt for tida kor dei lagar nettavis. Samstundes får dei publisera sakene sine på Sunnhordland.no under "Lange netter". Prosjektet er knytt opp mot HSH-stipendiat Steinar Westrheim sitt prosjekt om mobilbruk. Kenneth Vikse, Anette Austad og Camilla Flatnes Liknes utgjorde redaksjonen i går og viste korleis mobiltelefonen kan vera eit journalistisk verktøy.

Dataparty
DATAPARTY:
Heile natta gjennom sit 80 ungdommar og spelar og kommuniserar med kvarandre og omverda i aulaen på HSH. Samla sett har 280 menneske meldt seg på dei ulike arrangementa under årets ?Lange netter?.

I samband med årtets konferanse vart det for første gong delt ut ein "Digital frivilligpris" i Sunnhordland. Det er HSH, mediehuset Sunnhordland og Sunnhordland kraftlag som deler ut prisen.

Juryen skriv:

Årets prisvinnar er ein av mange sterke kandidatar frå Sunnhordlandsregionen som arbeider frivillig med å publisera innhald på Internettet. Likevel skil vinnaren seg klart ut frå dei andre kandidatane.

Prisvinnaren arbeider åleine med å publisera innhald. Innhaldet er presentert på ein enkel, men likevel dynamisk måte. Den tekniske løysinga prisvinnaren har teke i bruk opnar for at heile Internett-samfunnet kan engasjera seg og delta i innhaldsutviklinga.

Årets prisvinnar er mellom kandidatane som er føreslått av flest personar som ein verdig vinnar.

Prisvinnaren har ikkje kommersielle interesser knytt til innhaldet som vert formidla. Innhaldet har allmenn interesse og har vekt svært stor merksemd. I løpet av kort tid har nettsida fått over 100.000 treff. Sjølv om prisvinnaren tek utgangspunkt i ei svært personleg og lokal sak ? har rekkevidda nasjonalt og internasjonalt overraska fleire.

Innhaldet og måten bodskapen er formidla på har allereie fått nasjonal mediadekning frå fleire riksdekkjande medier (både avis, nett og TV).

Nettstaden til prisvinnaren var opphavleg ikkje tenkt brukt slik han no er kjend for. I utgangspunktet var nettstaden utforma som ein vanleg personleg blogg. ? Eit blogginnlegg 30. august 2007 skulle endra dette!

Blogginnlegget og bloggen har sidan mobilisert heimesitjarar over heile landet. Slik har årets prisvinnar lagt eit gledeleg stort arbeidspress på tilsette ved mange av landet sine Blodbankar.

Årets prisvinnar har i høgste grad brukt nettet på ein nyttig måte! - Årets prisvinnar er medansvarleg for at det norske blodmargsregisteret har auka monaleg det siste året. Ein innsendar skriv:

"?ei følgje av hennar nettord er at enormt mange har blitt merksame på kor lett det kan vera å hjelpa, og difor meld seg som donorar dei siste månadane - ei stor og viktig bragd!"

Årets "Digital frivilligpris" går til bloggaren Avil ? Kristine Tofte ? og bloggen "Ljos i kjømda".

Prisvinnar
PRISVINNAR:
- Å by på seg sjølv på nettet kan og vera positivt, meiner prisvinnar Kristine Tofte frå Stord. Her står ho saman med redaktør Lars Mæland i mediehuset Sunnhordland.  


Publisert: 06/03-2008, kl. 21:45
Art.id: 2008030000001537
Antall ganger lest: 3761

Arkivsøk: