Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer

Arkiv:

XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Masterstudentar på kurs i akademisk skriving

Dei ferske masterstudentane i IKT i læring er fyrste gruppa som får tilbod om kurs i akademisk skriving ved HSH. Måndag var dei i gang.

Av: Hege Myklebust

Førsteamanuensis Kjellfrid Mæland er ein av lærarane som underviser på kurset, som går over tre dagar. På denne tida skal studentane analysera ein akademisk artikkel ved å skriva samandrag og analysera argumentasjon, retorikk, sjanger og kontekst. Kurset er basert på modellen som er utvikla ved Universitetet i Bergen, og som er obligatorisk for alle studentane på HF-fakultetet.


NYTT KURS: Førsteamanuensis i pedagogikk, Kjellfrid Mæland, underviser i akademisk skriving for masterstudentane

Kjem godt i gang
– Eg håpar dette kan gje studentane ei starthjelp slik at dei kjem i gang med masteroppgåva si tidleg, og kjem på rett spor frå start, seier Kjellfrid Mæland. Ho har òg site i faggruppa for akademisk skriving ved HSH, som har studert ulike modellar for skriveopplæring på universitet og høgskular innanlands og utanlands, og ho har stått i spissen for å utvikla det kursopplegget masterstudentane no er i gang med.

Masterstudentane Anne Marie Rabba og Espen Fosse har tru på at kurset kan fungera på nett denne måten.
– Eg trur dette kan vera ein fin måte å byrja på. Eg har lese nokre masteroppgåver og doktoravhandlingar, og har tenkt at ”hjelp, kan eg greia å skriva slik?”. Ved å analysera akademiske tekstar på denne måten trur eg me får ei større forståing for korleis tekstane er sett saman, og det kan hjelpa oss til å produsera tekst i neste omgang, seier Anne Marie.

Espen trur kurset kan spara rettleiingstimar seinare.
– Dette er problemområde som rettleiarane har måtta ta opp med kvar enkelt student før. No lærer me ein del grunnleggjande stoff om det å skriva akademisk, og kjem betre ut heilt frå starten, seier han.

Kan byrja tidlegare
Førstelektor Jostein Tvedte ved HSH er studieleiar for masterutdanninga, og er svært nøgd med at alle fyrsteårsstudentane no får tilbod om eit slikt kurs.

– Me har også tidlegare drive med opplæring i akademisk skriving, men til no har det gjerne vore knytt til rettleiinga, og dei to siste åra har fyrsteårsstudentane sjølve skrive eit vitskapleg essay før dei byrjar på oppgåva si, som skal tilfredsstilla dei same akademiske krava som elles vert stilt til ei masteroppgåve. Frå og med no startar studentane endå tidlegare, og dei får trening i å både lesa og skriva akademiske tekstar. Eg trur dette kurset inneber ei effektivisering av opplæringa i å arbeida vitskapleg, så dette er svært bra.

Både Jostein Tvedte og Espen Fosse meiner opplæringa i akademisk skriving gjerne kunne kome på eit endå tidlegare tidspunkt enn på masternivå.
– Eg har sett mange medstudentar som har slite mykje med å meistra dei krava som vert stilt på høgskulen. Dersom me hadde fått denne opplæringa tidlegare ville kanskje fleire greidd seg gjennom studia, trur Espen Fosse.


KJEM I GANG: Masterstudentane Anne Marie Rabba og Espen Fosse trur kurset i akademisk skriving vil hjelpa dei til å koma i gang med masteroppgåva si.

| Mer


Publisert: 08/02-2008, kl. 06:00
Art.id: 2008020000001515
Antall ganger lest: 1367

Arkivsøk: