Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Inspirerande seminar med svensk nestor i organisasjonsteori

– Nils Brunsson er ein nestor i organisasjonsteori i Sverige, og har skaffa seg eit namn også internasjonalt, sa Børre Nylehn då han introduserte Nils Brunsson på eit seminar i Haugesund sist fredag.

Av: Hege Myklebust

Det var ikkje berre dei tilsette på økonomi og administrasjon i Haugesund som fekk sjansen til å delta på seminaret, det var òg inviterte gjester frå næringsliv og forvaltning i Haugesund, i tillegg til leiinga på høgskulen.

– Me har invitert gode samarbeidspartnarar i offentleg forvaltning og næringsliv, fortel førsteamanuensis Lise Langåker i HSH. Målet var nemleg å ha eit seminar der det var mogleg å diskutera og delta aktivt, i tillegg til å lytta og læra. Det var difor berre avsett 24 plassar på seminaret.

Reformer som ikkje fører fram
Brunsson har særleg vore oppteken av omgrepet rasjonalitet i studiet av organisasjonar, og la fram modellar for korleis samfunnet vårt definerer og rangerer rasjonalitet som den beste måten å vera klok og fornuftig på, og korleis dette styrer oppfatninga av kva ein "ekte" organisasjon er.

– Problemet er jo at stort sett alle organisasjonar avvik systematisk frå dette idealbiletet av ein "ekte" organisasjon. Dermed blir det ein avstand mellom idéverda og praksisverda, som me prøver å gjera mindre ved å gjennomføra reformer. Me prøver å endra på praksis for å få praksis til å stemma med idéen, men det let seg ikkje gjennomføra.

- Dei fleste reformene fører ikkje til at organisasjonen kjem nærare den idéelle organisasjonsmodellen, men glir sakte, men sikkert ut i sanden, og nye reformer kjem til. Det er fasinerande at det sjeldan eller aldri blir stilt spørsmål ved om idéen er rett, seier Brunsson.

Den idéelle organisasjonen
Han har gjeve ut boka Mechanisms of Hope, som mellom anna tek for seg kva mekanismar som fører til at ein held fram med å håpa på at stadige reformer skal føra til ei endring til det betre, og håpet om at det faktisk er mogleg å oppnå den idéelle organisasjonen. Denne boka hadde seminardeltakarane lese på førehand, og deler av seminaret handla om nettopp slike spørsmål.

Luksus
Brunsson er ein forskar som verkeleg meistrar kunsten å formidla, og innleiingane hans vart svært godt mottekne mellom deltakarane. Stemma til Brunsson var akkompagnert av lått og attkjennande nikking rundt bordet.

– Dette har vore kjempeinteressant, sa ein nøgd Ingolf Voll frå Gassco i Haugesund etter seminaret.

– Det er rein luksus i vår kvardag å få lov å sitja ein heil dag og lytta til denne typen teori og innspel. Samstundes er det nyttig, sjølv om eg kanskje ikkje kan omsetja det i direkte nytteverdi måndag morgon, så får me eit fagleg påfyll som me treng når me driv våre organisasjonar.

Inspirerande
Børre Nylehn er også svært nøgd med seminaret.

– Dette vart nett så bra som me håpa på, både form og innhald svarte til forventningane, seier han.

– Gruppa med deltakarar var passeleg stor, med ein fin blanding av våre eigne fagfolk, folk frå leiinga på høgskulen og folk utanfrå. Me har hatt gode diskusjonar og fått oppdatert oss fagleg – ei inspirerande oppleving.


INSPIRERTE:
Professor II Børre Nylehn og førsteamanuensis Lise Langåker i HSH var svært glade for å få professor Nils Brunsson (th) til seminar i Haugesund fredag 1. februar.

| Mer


Publisert: 06/02-2008, kl. 06:00
Art.id: 2008020000001512
Antall ganger lest: 1039

Arkivsøk: