Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Studerer wiki i grunnskulen

Masterstudent Vegard Egner ser på kva moglegheiter og utfordringar bruk av wiki i grunnskulen gjev.

Gjennom intervju og observasjon av elevar som utviklar sin eigen wiki i klasserommet, har han undersøkt digital kompetanse, lærarrolla og sjølve læringsmiljøet. 

Teorigrunnlaget er først og fremst sosiokulturell teori og datastøtta samarbeidslæring (CSCL).

I studien sin fann han mellom anna eit behov for utvikling av ei eige "wiki-medvit" hos lærarane, og at wikiproduksjon gjerne kan utviklast gjennom tre fasar:

1) først i ei gruppe
2) gjennom klassen
3) ved hjelp av andre klassar/skolar.

Vegard Egner peikar i masteroppgåva si på at lærarane òg hadde store vanskar med å vurdera wikien, og produksjonen kravde sterkt fokus på kjeldekritikk og søkjestrategiar.

Velkomen til ein spanande presentasjon av ei ny masteroppgåve på HSH

tysdag 2.12 klokka 10.00, på SJU 149 – Rommetveit

Sensorar er førsteamanuensis Knut Steinar Engelsen, HSH, og førsteamanuensis Rune Krumsvik frå Universitetet i Bergen

 

| Mer


Publisert: 01/12-2008, kl. 12:00
Art.id: 2008120000001650
Antall ganger lest: 1011

Arkivsøk: