Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
Kontakt oss! | Motta nyhetsbrev! | Tips en venn! |
| Mer
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Studerer digital mobbing

Student Jorunn Teigen Sætre frå Kvinnherad har skrive masteroppgåve om digital mobbing i ungdomsskulen, og sett nærare på korleis mobbeoffer, medelev og lærar opplever problemet. Fredag 13. mars legg ho fram oppgåva si på HSH.

Teigen Sætre analyserer både omfang av digital mobbing og i kva grad dei ulike gruppene som er involverte i undersøkinga opplever at det vert sett i verk gode tiltak for å motverke mobbinga. Dei data som Teigen Sætre brukar i analysen har ho henta frå to nettbaserte undersøkingar, ei blant lærarar og ei blant elevar, i tre norske ungdomsskular.


Jorunn Sætre Teigen

Sms og chat
Når det gjeld omfanget av digital mobbing, viser Teigen Sætre sine data at vel 15 prosent av elevane blir utsette for ei eller anna form for digital mobbing, og at mobbinga skjer både via telefonoppringing, sms, chat og anna nettkommunikasjon. Undersøkinga hennar viser vidare at meir enn dobbelt så mange jenter som gutar seier at dei har vore utsette for digital mobbing.

Andre opplevingar
I Teigen Sætre sin analyse går det vidare fram at dei som vert utsette for mobbing opplever hjelpetiltaka i skulen på ein heilt annan måte enn lærarane. Det som kanskje er det mest oppsiktsvekkande funnet her er at 48 prosent av dei som vert utsette for mobbing seier at læraren "nesten aldri" hjelper i samband med digitale mobbesituasjonar.   

Ulike tiltak
Det er også tankevekkande at lærarane og dei som vert utsette for mobbing ser ulikt på kva tiltak som bør setjast i verk. Der lærarane helst ønskjer å snakke om mobbing meir generelt, ønskjer dei som vert utsette for mobbinga i større grad at mobbaren skal konfronterast med handlinga si og at åtferda hans eller hennes også skal drøftas i klassen.

Velkomen til ein spanande presentasjon!

Fredag 13. mars 2009 kl. 14.00 

NY STAD: Lite auditorium (Stord)

| Mer


Publisert: 10/03-2009, kl. 10:30
Art.id: 2009030000001693
Antall ganger lest: 1259

Arkivsøk: