Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Minister som brenn for høgskular i distrikta

? Det er kjekt å møte ein engasjert høgskule som er oppteken av utvikling og særskilt kva regionen treng av kompetanse og utdanning, oppsummerte kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete då ho vitja HSH i dag.

Ministeren hadde fire programpostar på HSH i dag.

Fyrst helste ho på nærare 400 lærarar og skuleleiarar frå heile Sunnhordland som var inne på etterutdanning og kurs.


Oppdatert kunnskap og fagleg påfyll er viktig, presiserte ministeren då ho møtte lærarar og skuleleiarar som var innom HSH for etterutdanning. 

Tre kvarter med orientering om høgskulen var og nyttig.

? Høgskular som ligg i distrikta er ofte ein drivkraft og ein sentral kunnskapsbase for utvikling og framgong. Sjå no i dag når skulefolk er her inne og får oppdatert kunnskap gjennom etterutdanning. 

? Eg er oppteken av at høgare utdanning må liggja der folk bur og jobbar. Difor treng me livskraftige og gode høgskulemiljø over heile landet. Dei som snakkar om modernisering snakkar ofte om sentralisering. For meg handlar modernisering ikkje om det, men det handlar meir om å ta i bruk nye verkemedel som IKT og andre fleksible løysingar.


Rektor Egil Eide og Liv Signe Navarsete i munter samtale. 

Måten HSH, Helse Fonna og kommunane har jobba rundt Samhandlingsreforma vart og tatt godt i mot.

- Eg vert oppløfta av å høyre om korleis de møter og jobbar rundt reforma. Samarbeidet mellom Helse Fonna, HSH og kommunane gjennom ei felles FoU-eining og ulike konkrete prosjekt tykkjer eg er rett og godt. Det er eit likeverdig samspel, og for meg er dette god samfunnsøkonomi. Gler meg til å høyra meir om dette, sa ho.


Rådmann Magnus Mjør i Stord kommune og samhandlingssjef Knut Arne Askeland i Helse Fonna orienterer ministeren om prosjektet rundt Samhandlingsreforma. 

Siste stopp på HSH var utdeling av nynorskprisen under barnebokfestivalen Falturiltu. I fjor gjekk prisen til Stord kommune. I år var det Seljord kommune som blei heidra.

- De er ein kommune som har jobba medveten med nynorsk i all verksemd frå marknadsføring til skuleverket og meir. At de jobbar så godt rundt barn og unge for å la dei bli gode nynorskbrukarar er flott, rosa kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.



Seljord kommune fekk årets nynorskpris.

Etter vitjinga på HSH drog Liv Signe Navarsete til Samarbeidsrådet i Sunnhordland.

 


Publisert: 12/11-2010, kl. 12:30
Art.id: 2010110000001965
Antall ganger lest: 18906

Arkivsøk: