Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Når ting ballar på seg

Dei hadde fotball, volleyball og innebandy. Men det var noko som mangla.


BRENN FOR HANDBALL:
Kine Molven (sjukepleiarstudent frå Stavanger), Kjetil Bakken (nautikkstudent frå Stord), Aleksander Breivik (øk/adm-student frå Stord) og Karina Rognøy (sjukepleiarstudent frå Stavanger) likar handball og vil ha fleire studentar med på laget.

- Me var fleire som hadde lyst å ha eit tilbod innan handball, seier Kjetil Bakken. Ei av eldsjelene bak handballsatsinga som Haugesund studentidrettslag (HSI) no drar i gang.

Han fortel at gruppa trenar i Haraldshallen ei økt i veka.

- Den siste tida har me vore 14-15 studentar på trening. Her er det ope for jenter og gutar. Me prøver å lage litt opplegg for treningane, seier Kine Molven og Karina Rognøy som båe har spelt handball i mange år i Stavanger.



- Kva me kampar?
- I år kom me for seint på banen. Men det er bedriftshandball her i Haugesund som me får vurdere neste år. Målet no er å delta på ein stor bedriftscup i Stavanger i mars neste år. Kjekt å ha noko å strekkje seg etter, seier dei.

HSI byrjar no å få eit mangfaldig aktivitetstilbod.
- Handballen har me no fått inn i skikkelege former. No jobbar me med å få på plass ei klatregruppe, opplyser Aleksander Breivik som er leiar av HSI.



Les meir om Haugesund studentidrettslag (HSI)


Publisert: 26/11-2010, kl. 08:30
Art.id: 2010110000001971
Antall ganger lest: 1147

Arkivsøk: