Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Studiestart i ein drosjebil

Ein taxitur frå Fyllingsdalen til Torget i Bergen blei starten på ei god og lang studietid ved HSH for Kathrine Molvik.



Jenta frå Nordhordland studerte på ingeniørutdanninga i Bergen og køyrte taxi på si då ho møtte på ingeniørlærar Audun Tveit og EVU-leiar Ernst Wilhelmsen i HSH ein dag i Bergen for seks år sidan.

- Eg studerte maskiningeniør i Bergen, men hadde aller mest lyst til å utdanne meg innan røyrkonstruksjon. Tilfeldigvis kom Audun Tveit og Ernst Wilhelmsen inn i taxien min den dagen, og me kom i prat. Når dei fortalde at utdanninga innan røyrkonstruksjon var blitt nettbasert falt det meste på plass for meg. Det var rett og slett full klaff. Eg hoppa av studiet i Bergen og starta på HSH.

Fekk tre born
Det blei eit godt og langvarig forhold som utvikla seg heile vegen.

- Eg har verkeleg likt å studere her. Det er noko med atmosfæren og roen ein får når ein kjem ned hit til høgskulen. Ein vert inspirert, seier ho.

- Og ikkje minst har det vore gode førelesarar. Oppdaterte på det som skjer og rører seg.

Undervegs i studietida har Kathrine fødd tre born.

- Ja, det har vore ei utfordring. Samstundes ser eg at det har gjort meg meir strukturert og kanskje jobbar eg best når eg er gravid eller har eit lite barn på armen, ler ho.

- Men klart det var stress når me hadde trykk på studiet, kurs på Aker Stord og regneverkstad og oppgåveløysing til seine kveldar. Inni mellom måtte førelesarane hjelpa til å passe på borna mine. Men det blei jo berre gøy.

Ekspressfart
At utdanninga var snikra saman på nettet var og uvant i starten.

- Ikkje var det lagt opp til klasseromundervising slik eg var van med. Alt gjekk på nett. Eller det vil seie, det var ein god del helgesamlingar i starten og dei trengte me. Alt i alt har eg likt undervisingsforma godt. Det gir ein fleksibilitet som er naudsynt for mange som meg.

Tunge fag som matematikk og fysikk gjekk etterkvart unna i ekspressfart.

- Det var tungt i byrjinga og me brukte mykje tid, men etter kvart ble dette kjekke fag. Lærarane var flinke til å dele og lære frå seg. Dei fekk opp motivasjonen vår. Og då går det meste greitt.

Meir kunnskap
Røyrkonstruksjonsstudiet var så gøy at Kathrine Molvik kasta seg over faget korrosjonsteknologi undervegs. Men det stogga ikkje der.

- No har eg nyss fullført utdanninga til internasjonal sveiseingeniør. Neste steg er diplomoppgåva som eg skal ha på Aker Stord. Så eg blir i systemet litt til.

- Kva gjer du når du er ferdig her på HSH?

- Utdanningane som eg har tatt er i høgste grad relevant for den jobben eg gjer innan sørvis og vedlikehald for ulike offshoreverksemder.

- Men du veit, eg er blitt så glad i å studere og har alltid lyst på meir kunnskap. Eg kunne tenkje meg noko innan arbeidspsykologi, seier ho.


Publisert: 29/11-2010, kl. 06:00
Art.id: 2010110000001972
Antall ganger lest: 901

Arkivsøk: