Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Klart for populærfaglege føredrag

Mange i HSH forskar og føreles om tema som har interesse for fleire. Denne kunnskapen kan du no ta del i når biblioteket inviterer til populærfaglege føredrag. Først ut er førstelektor Jan Helge Halleraker. Torsdag 8. desember kl. 12 er han på plass i biblioteket på Stord for å snakke om: Kost, helse og julefeitt. Sjå smakebit!


- Desse populærfaglege føredraga er opne for alle. Både kollegar og studentar, men dei er og meint for eit breiare publikum, seier hovudbibliotekar Halfdan Wiik i HSH. 

- Me ønskjer å vise HSH som ein spennande høgskule med engasjerte fagfolk, og samtidig formidle tankevekkjande og nyttig informasjon. Dette er ein del av samfunnsoppdraget vårt. 

Dei 30 minuttars lange føredraga går føre seg i biblioteket. 

- Me ser for oss to-tre gonger per semester, og vil veksla mellom Stord og Haugesund. Kvart føredrag vil bli annonsert med ein liten videosnutt.   

 

FORMIDLING: Mange av dei som jobbar på HSH driv med mykje spennande arbeid både innanfor utdanning, forsking og kunstnarleg utvikingsarbeid. Førstelektor og lege Jan Helge Halleraker er ein av dei. Torsdag 8. desember kl. 12 i biblioteket på Stord snakkar han om: Kost, helse og julefeitt. 
 

 


Publisert: 05/12-2011, kl. 21:30
Art.id: 2011120000002121
Antall ganger lest: 1112

Arkivsøk: