Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Kor lang tid det tar å fylla eit fly?

Det er eit spørsmål som førsteamanuensis Vidar Frette i HSH har arbeidd med. No er han og kollega, professor emeritus Per Hemmer frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), ute med ein artikkel som tar opp spørsmålet.

Alle har vel erfart at under flyfylling (boarding) dannar det seg køar slik at det blir venting. Vidar Frette og Per Hemmer har gått nærare inn på dette. Dei har samarbeidd om temaet køar gjennom fleire år.

- Kva er dette for eit prosjekt?

- Det me har gjort er eit reint teoretisk arbeid, me har ikkje målt noko. 

- Me har laga ein enkel matematisk modell for prosessen. Så har me funne gjennomsnittleg tid det tar å få alle ombord og på plass i setene dei har reservert på førehand. Me tar her omsyn til alle måtar passasjerane kan stokkast på når dei står i kø på utsida av flyet, klare til å gå om bord, fortel Frette.

- Kva har de kome fram til?

- Hovudresultatet vårt er at denne gjennomsnittlege flyfyllingstida ikkje er proporsjonal med talet passasjerar. 

- Dersom talet passasjerar blir dobla, blir ikkje gjennomsnittleg tid dobbelt så stor men berre 1.6 gonger så stor. Prosessen blir altså stadig meir effektiv jo fleire passasjerar det er, utan at det blir gjort noka form for organisering av passasjerane. 

- Me har og undersøkt mekanismane og strukturane i passasjer-rekkefølgjene som fører til denne spontane effektiviseringa. Gjennom dette knyter me an til mange andre fenomen med same type respons.

- Kva gjer de vidare i prosjektet?

- Me ser nærare på verknaden av gruppeinndeling, det vil seia praksisen med å la alle passasjerar med reserverte sete bakarst i flyet gå ombord fyrst. Dette kommenterer me berre kort i artikkelen som me no publiserer. 

- Me meiner at gruppeinndeling ikkje gir ei meir effektivt flyfylling (boarding), snarare tvert om. Dette har og andre forskarar funne tidlegare, utan at det ser ut til å ha endra praksisen i flyselskapa.  Den mest effektive flyfyllingsprosessen kan kven som helst koma fram til.

- Kor er dette no publisert?

- Artikkelen er publisert i det amerikanske tidsskriftet Physical Review. Dette tidsskriftet, eller rettare sagt denne familien av tidsskrift, har eit nett-tidsskrift kalla Physics der dei framhevar nokre artiklar spesielt og gir eit samandrag av innhaldet på ein halvpopulær og folkeleg måte. 

- Der har me altså kome med, og eg trur nok det ikkje minst var dette med gruppeinndeling som gjorde utslaget. 

- Å lesa forskingsartiklar er jo ganske vanskeleg for oss som ikkje kan språket og kodane?

- Eg meiner at deler av hovudartikkelen vår er greitt lesbar for kven som helst. Ein kan prøva dei fyrste to sidene, og den siste.

- Kvifor gjer de dette?

- Dette er eit prosjekt me har gjennomført berre fordi me hadde lyst. Ingen har bede oss om å gjera dette. Kanskje det kan kallast hobbyforsking? spør Vidar Frette.

Les artikkelen (pdf)

 

 


Kor lang tid det tar før alle passasjerane har kome fram til setene dei har reservert, har fått plassert handbagasje og sett seg? Det prøver førsteamanuensis Vidar Frette i HSH og kollega, professor emeritus Per Hemmer frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), å finna gode svar på. Sist veke vart Vidar Frette intervjua av tysk radio om arbeidet sitt.

 


Publisert: 30/01-2012, kl. 06:00
Art.id: 2012010000002137
Antall ganger lest: 991

Arkivsøk: