Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Startar samarbeid om helsefag på Sør-Vestlandet

Avdeling for helsefag i HSH og Institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger hadde eit godt samarbeidsmøte sist veke.

I fjor fekk HSH og UIS ein million kronar i såkalla SAK-pengar frå Kunnskapsdepartementet. Nokre av desse pengane går inn i det helsefaglege samarbeidsprosjektet som no rullar fram på Sør-Vestlandet.

- Me har blitt betre kjende med kvarandre og ser heilt klart at me kan samarbeide om mange ting, seier dekan Gunn Haraldseid ved avdeling for helsefag i HSH.


Førsteamanuensis Christine Øye i HSH presenterer FoU-prosjekt.

Fleire viktige tema var oppe på møtet på Utstein klosetr: Presentasjon av FoU-program, forskarskule, Phd i helse og medisin, samarbeid om vidareutdanning, samarbeid om søknad og finansiering av forskingsprosjekt, samarbeid om Helsetorgmodellen og tettare involvering av Helse Fonna.


Samarbeidar: Dekan Gunn Haraldseid i HSH, og instituttleiar Kari Vevatne ved UiS.

Eit nytt samarbeidsmøte er allereie under planlegging

Les dekan Gunn Haraldseid sin presentasjon på møtet


Publisert: 12/06-2012, kl. 06:00
Art.id: 2012060000002175
Antall ganger lest: 279

Arkivsøk: