Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Drep algar for forskinga si

Ei stor utfordring i havets økosystem er spreiing av virus, bakteriar, algar, plankton og larver til nye områder med ballastvatn. For å hindre dette kan ballastvatn handsamast slik at organismane vert fjerna eller drepne. Stipendiat Ranveig Ottøy Olsen jobbar for å utvikle ein raskare og betre analysemetode for å finne ut om algar er drepne etter handsaming med UV-lys.


Ranveig Ottøy Olsen samarbeider med Ingunn Alne Hoell og Gunnar Thuestad på HSH i prosjektet.

- Kva prøver du å finne svar på?

- I prosjektet prøver me å finna ein raskare metode til å analysere algar som har blitt handsama med UV-lys.

- Gjennom ein metode basert på flow cytometri og fargestoff, kan me få fram om alga er levande, daud eller har endra levedyktighet etter å ha blitt utsett for UV-stråling.

- Kvifor blei det akkurat dette temaet?

- Knutsen OAS Shipping AS haldt på å utvikle eit UV-basert reinseanlegg for ballastvatn, og dei ynskja eit samarbeid med HSH for å utvikle anlegget og ein metode for å analysere reinsa ballastvatn.

- Kollega Ingunn A. Hoell her på HSH skreiv ein søknad til Forskingsrådet sitt MAROFF-program og denne vart innvilga.

Som kjent vert ballastvatn pumpa inn i ballasttankar for å gje eit skip tyngde og stabilitet. Ved innpumping kan ei mengd ulike organismar som virus, bakteriar, algar, plankton og larver fylgje med.

Det er ikkje berre berre.

- Desse organismane kan verte ført rundt i verda i ballasttankane i skipet og dei kan føre til bioinvasjon når dei vert pumpa ut med ballastvatnet i nye miljø. Dersom uynskte artar klarar å tilpasse og utvikle seg i nye miljø, er dei nærast umoglege å fjerne og dei kan til dømes utkonkurrere lokale artar. Det er det fleire eksempel på, seier Ranveig Ottøy Olsen.

- Slik spreiing av akvatiske artar med ballastvatn representerer ein fare for biodiversiteten og økosystema i verdas hav. Det er viktig å hindre spreiing av artar med ballastvant for å unngå økologiske og økonomiske problem, samt helserelatert risiko for både dyr og menneske.

Ranveig fortel at alt i 2004 vedtok den Internasjonale Maritime Organisasjonen (IMO) konvensjonen “International Convention for the Control and Management of Ship’s Ballast Water and Sediments”, som har som mål å verne det marine miljøet.

- Dette regelverket har ikkje trådd i kraft enda, men ein reknar med det vil skje innan kort tid. Regelverket har ført til utvikling av ulike ballastvatn reinsesystem som har som mål å hindre etablering av uynskt artar i miljøet, ved å inaktivere, drepe eller fjerne organismane i ballastvatnet.

- Rundt 30 prosent av reinsesystema for ballastvatn som er utvikla nyttar teknologi basert på UV-lys.

- Korleis jobbar du?

- Eg gjer forsøk på laboratoriet her på HSH kor eg nyttar ein kultur av ei marin alge, Tetraselmis suecica, som testorganisme.

- Denne algeprøven strålar eg med UV-lys for å drepe den. Alga vert deretter farga med fargestoff og analysert på eit instrument (flow cytometer).

- Kven jobbar du i lag med?

- PhD-oppgåva mi er ein del av prosjektet «Sanntidsovervåkning av ballastvann med flow cytometri» (BallastFlow) som er koordinert av HSH.

- Dette brukarstyrte innovasjonsprosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd og Knutsen OAS Shipping AS. Andre prosjekt partnarar er UniResearch i Bergen, Universitetet i Bergen  og Norsk Institutt for Vannforskning.

- Kva har du funne ut så langt?

- Me har utvikla nye metodar for å analysere algar, og dette arbeidet skal publiserast i internasjonalt anerkjente tidsskrift.

- Me har testa to fargestoff som kan nyttast til å evaluere levedyktigheten til UV-handsama T. suecica på eit flow cytometer.

- Vidare har me testa ulike dosar UV-stråling på T. suecica og sett på inaktivering rett etter handsaming og over tid.

- Resultata våre gjev grunnleggjande forståing for liv-og-død mekanismar og om effekten UV-lys har hos mikroorganismar.

- Arbeidet vårt er såleis viktig i samband med IMO-konvensjonen sitt mål om å hindre spreiing av framande og uynskt organismar frå eit habitat til eit anna med ballstvatn.

- Analysemetoden vår kan og nyttast til å finne ut om algane i reinsa ballastvatn har blitt inaktivert i fylgje krava til konvensjonen. Det kan også være aktuelt for andre aktørar og instansar å nytte analysemetoden.

- Kor formidlar du arbeidet ditt?

- Me har delteke på ein internasjonal konferanse i Nederland, «Ballast water management: From - concept to reality» i regi av EU sitt North Sea Ballast Water Opportunity prosjekt (NSBWO), 2013.

- Eg haldt og ein presentasjon om prosjektet BallastFlow og arbeidet mitt ved Norsk Flow Cytometri Foreining (NFCF) sin konferanse i Oslo i 2014.

- No skal eg publisere vitskapelege artiklar. Manuskript ein er snart ferdig til innsending. Manuskript to og tre er under arbeid.

- Kor tid reknar du med å vera ferdig?

- I 2015.


Publisert: 22/01-2015, kl. 06:00
Art.id: 2015010000002543
Antall ganger lest: 1650

Arkivsøk: