Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Gymnastikkbygget på Stord attende til fordums prakt

- Eg trur at bygget vil gjenoppstå som den praktsalen den ein gong var, når den er ferdig restaurert, seier Aase Haug Eskevik, rådgjevar hos Riksantikvaren.


Aase Haug Eskevik, rådgjevar hos Riksantikvaren (grønt skjerf) var saman med ekspertar frå Statsbygg på synfaring i Gymsalen i haust. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Ho er for første gong på synfaring i bygget som populært blir kalla Gymsalen på Rommetveit. Det freda bygget blei teikna av Schak Bull & Søn (Jens Bull) i 1920, og oppført i 1922.

Sidan oktober 2013 har Statsbygg jobba med å oppjustera og restaurera bygget tilbake til fordums prakt. Utsida blei ferdig hausten 2014, og ein starta arbeidet innvendig på nyåret 2015. Sidan bygningen er freda, må alle endringar bli godkjent av Riksantikvaren, og Eskevik var på synfaring for å ta betre avgjerder om prosessen i oktober i år.

- Riksantikvaren følgjer arbeidet på bygget tett sidan det er freda, fortel ho.

Gymsalen 26
Sverre Melvær Øgaard (gul vest) er prosjektleiar hos Statsbygg for det innvendige arbeidet. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Først utvendig

Sidan huset blei bygd har det blitt gjort lite med det, sett bort frå vedlikehald. På 70-talet gjorde ein ei tidsrett modernisering, der ein plata att dei innvendige veggene, skifta ut vindauga og dører og bygde om garderobane og sanitæranlegg.

40 år etter siste modernisering bar bygget preg av å vera slitt. Difor kom det eit ønske frå Høgskulen Stord/ Haugesund som er leigetakar, om å oppjustera kvaliteten og tilbakeføra bygget til opphavleg prakt. Det var eit stort behov for eit slikt arbeid. Taket måtte skiftast, langveggene bula ut, mellom anna på grunn av at bjelkane som skulle halda konstruksjonen oppe hadde løsna. Difor bestemte Statsbygg seg for å gjera den store oppjusteringsjobben, og innleigde arbeidarar starta med arbeidet utvendig hausten 2013.


Ekspertar lagar nye ribbeveggar i original stil som er høgare enn dei ein ser på biletet. Ein byttar ikkje ut sportsgolvet, fordi det skal vera funksjonelt til å driva gymnastikk i salen. Golvet skal slipast og lakkast. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

- Me demonterte den opphavlege kledinga for å retta opp og forsterka bygget, og etterisolerte bak ytterkledinga. Så remonterte me den opphavlege kledinga, med unntak av kledingsbord som trengte utskifting. Den svarte blanke betongtaksteinen blei bytta til raud teglstein, og me tilbakeførte dei blanke kulene på spira i kvar ende av valmataket, fortel Sverre Melvær Øgaard.

Han er prosjektleiar for det innvendige restaureringsprosjektet ved Statsbygg.

 
Bygget har blitt stabilisert av ekspertar som trakk det saman med taljer og jekkar som var hydraulisk samankopla. Foto: Statsbygg

Leigde inn ekspertar

- Då me starta på jobben utvendig, visste me at langveggen bulte. Difor leigde me inn ekspertar som trakk bygget saman med taljer og jekkar som var hydraulisk samankopla, slik at det blei rett, seier Melvær Øgaard.

På 70-talet dekte ein panelet på dei innvendige veggene med plater. Desse har truleg vore med på å halda bygget oppe saman med ytterkledinga. Bygget trengte ein omfattande opprettingsjobb for å unngå å kollapsa.

Gymsalen 7 
Her ser ein kor staga går ut. Tømrarane skal bygga overgangane inn. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

- Nokre av oss var litt skeptiske til om huset kom til å tola opprettinga, og difor monterte me sikringar som stabiliserte bygget medan me haldt på, fortel Melvær Øgaard og viser korleis ekspertane stramma opp bygget, og målte og høyrte etter undervegs i det krevjande arbeidet.

- Det var eit veldig omfattande prosjekt, seier prosjektleiaren.


Ein god gammal turnkasse er ein av tinga som står på loftet. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Etter opprettingsjobben blei det montert strekkstag under himlingen i salen, i tillegg til ei mengd krysstag på bjelkelaget over himlingen og på yttervegg bak kledinga. Desse stabiliserer bygget.

- I tillegg har me forsterka med stål langs bjelkane, seier Melvær Øgaard.

Gymsalen 2
Toppetasjen er fylt opp med luftekanalar som skal sørga for god luftkvalitet i bygningen. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Både eksteriøret og interiøret

Sommaren 2014 blei Gymnastikkbygningen saman med fleire andre bygg på kampus Rommetveit freda. Fredinga av bygget gjeld både eksteriør og interiør. Målet med freding er å sikra bygningen som del av det utdanningshistoriske anlegget på Rommetveit. Det er ein god representant for utbygginga av lærarskulane på 1920-tallet. Bygget har oppetter åra fungert som gymnastikksal, og som forsamlings- og festsal der det mellom anna var galleri og ein staseleg scene.


Anleggsleiar Øyvind Tyse fortel Jan Reinemo, Aase Haug Eskevik, og Astrid Opsal om detaljar i bygget. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Sidan bygget er freda og skal restaurerast, må ein stor jobb gjerast i å avdekkja og dokumentera korleis bygget såg ut då det var nytt. Ekspertar frå ulike fag er hyrt inn, for å ta del i arbeidet for å oppnå eit fagmessig best mogleg resultat. Då må alt arbeid planleggast ned i minste detalj, og arbeid som blir utført må dokumenterast.

- Ein interessant jobb

Me har kome til januar, og i vekene etter at Eskevik frå Riksantikvaren var på synfaring, har det skjedd mykje i Gymsalen.

- Dei fleste detaljane er no godkjent, og arbeidarane kan gjera jobbane sine for fullt, seier Jan Reinemo, driftsleiar for Statsbygg på HSH, om tømrarar, elektrikarar, røyrleggjarar og ventilasjonsteknikarar.


Karsten Inge Steinsland, røyrleggar RHS, Ole Kristoffer Laastad, tømrar Engelsen bygg, Øyvind Tyse, anleggsleiar Engelsen bygg, Tor Øyvind Grov, røyrleggjar RHS og Stein Otto Almås, røyleggjar i RHS er dei arbeidarane som har jobba mest på Gymsalen. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

- Det er ein interessant jobb. Me kjenner bygget inn og ut etter kvart, seier anleggsleiar Øyvind Tyse i Engelsen bygg.

Han har mellom anna funne deler av originale lister, rekkverk og dører i krypkjellaren. Dette dannar grunnlaget for arbeidet med rekonstrueringa. På loftet har han funne utstyr til friidrett, turn og teater.

- Denne jobben er annleis enn det arbeidet me pleier å gjera. Det er restaurering, og me må ta omsyn og vita kva me gjer. Det er kjekt at Statsbygg tek vare på bygget. Det er ikkje alle som har pengar til slikt, og då blir bygga i staden rive ned, seier Tyse.

Anleggsleiaren har grave fram mange skattar bak 70-talsplatene og på loftet.

- Det er spanande å sjå gammal byggeskikk, seier han.


I kjellaren blir det mellom anna eit teknisk rom. Her kjem òg ein ny inngang til bygningen. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Usynleg arbeid

Røyrleggjar Karsten Inge Steinsland fortel at det har vore eit utfordrande røyrleggjararbeid i bygget. Steinsland og kollega Stein Otto Almås har installert om lag 400 meter med stålrøyr i veggar og tak. Dei utgjer sprinklaranlegget som skal spreia vatn i bygget dersom det tek til å brenna.

- Det er ingenting som er beint her. Me må vera forsiktige så me ikkje øydelegg noko, og må dobbeltsjekka alt me gjer, seier Steinsland.

- Det som er synd er at det me gjer ikkje viser, smiler han.


Golvet i krypkjellaren er fylt med singel som dekkjer asbest som har dryssa frå himlingen. Her har røyleggjarane lagt røyr som går til sprinkleranlegget. Om lag 400 meter røyr er brukt til anlegget som skal tre i kraft i høve brann. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Steinsland viser ned i kjellaren. Det er her sprinklaranlegget blir styrt frå.

Golvet i krypkjellaren under gymnastikksalen har nyleg blitt fylt med singel. Denne fungerer som eit lok over asbest som har dryssa frå platene i himlinga i løpet av alle åra Gymsalen har stått.

Det blir laga ein ny inngang til kjellaren, som tidlegare berre har blitt brukt til lagring. Her skal det, i tillegg til eit teknisk rom, vera ei utstilling som visar gamle objekt som fortel om historia til bygget.


Trappa skal rekonstruerast til den opprinnelege stilen som ein ser spora av på golvet. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Byttar kitt med breiare panel

Under tidlegare vedlikehaldsarbeid har ein sparkla att profilane mellom panelingsborda. Malarfirmaet Bergblaa som gjer malarjobben, har skrapt vekk denne sparkelmassen. Etter at det var tatt vekk, såg ein at det var store mellomrom mellom borda, og nye panelingsbord måtte setjast inn der mellomrommet blei for stort. Denne jobben er ferdig i trappa, og skal no gjerast på veggene i sjølve salen.

- Alt som er av panel har blitt spesiallaga. Ein finn ikkje denne breidda på butikken, seier Reinemo.

Gymsalen 4
På loftet ligg gammalt gymnastikkutstyr og teaterutstyr, som fortel historia til bygget. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Nytt med original utsjånad

Dei fleste bygningsdetaljar som enten var av for dårleg kvalitet, eller blei bytta ut på 70-talet, blir no laga med originalt utsjånad, og ekspertar har vore på synfaring for å finna ut korleis ting skal sjå ut. Det skal mellom anna lagast nye lister, ribbeveggar, sceneteppe, dører, vindauge, rekkverk og trapper. Til og med lysbrytarar og stikkontantar skal tingast med original utsjånad. I tillegg til dei gamle detaljane som har blitt tatt vare på, er gamle bilete òg ein viktig ressurs.


Gammalt utstyr til gymnastikk og teater. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Dei originale malingsfargane er funne ved hjelp av malingstrapper.

- Det var utruleg spanande å sjå kva som skjulte seg bak platedekkinga. Me hadde dei gamle fotografia, og kunne berre ana. Diverre var alt av ornamentikk fjerna for å gi plane flater å festa platene på. Men takka vera bildene og funn i bygget skal me greia å rekonstruera veldig godt, seier Astrid Opsal som er sjefarkitekt i Statsbygg.


Vindauga på loftet har blitt restaurerte ved Sunnhordland museum. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Viser bygningstekniske spor

Men nokre bygningselement er så gode at dei ikkje treng å bytast ut. Eksempel på dette er ei nydeleg original dør som leiar inn til eit siderom på galleriet. Veggen over døra er ein av dei få plassane i huset der ein ikkje skal bytta ut 70-talsløysinga. Dette er for å visa bygningstekniske spor etter periodane huset har vore igjennom oppetter åra.

Ein annan detalj som ikkje har blitt bytta ut er vindauga på loftet. Desse har blitt rehabilitert ved Sunnhordland museum.

- Det er ein fantastisk god kvalitet på treverket i vindauga, seier Reinemo.


Denne originale døra leiar inn til siderommet til galleriet i andre etasje i Gymsalen. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Eit halvt år igjen

Malarane tek til i februar, og vindauga blir etter planen levert i april og montert i april og mai. Desse skal lagast i original 1920-talsstil, i moderne standard som ikkje slepp ut varme. Gymnastikkbygningen skal sjå original ut, men innfri moderne krav når den er ferdig.


På loftet kan ein sjå festa til stålbanda som er eit av tiltaka for å stiva av konstruksjonen. Desse er montert på golvet på loftet og på alle ytterveggene. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Jan Reinemo, driftsleiar for Statsbygg på HSH, meiner at bygget kjem til å ha endå betre kvalitet når restaureringsjobben er ferdig, enn det hadde då det var nybygt.

- Huset får moderne stand, som har betre kvalitet enn det nokon gong har hatt, seier han.

Gymsalen 9
På galleriet kan ein no sjå at tømrarane har laga kopiar av skråpanelet i overgangen mellom tak og vegg, slik det er i himlingen i resten av salen. Det er saumlaust. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Planen er at Gymsalen skal vera ferdig restaurert i juni, slik at det er klart til bruk ved studiestarten i august 2016.

Gymsalen 21
Slik ser Gymnastikkbygget ut på utsida i dag. Når restaureringsjobben er ferdig, har det fått nye vindu og dører i original stil. Foto: Vilde Hjertholm Lunde


Publisert: 14/01-2016, kl. 12:00
Art.id: 2016010000002742
Antall ganger lest: 2143

Arkivsøk: