Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Samtidsdagane er tettare på undervisinga

For andre året på rad gjer barnehagelærarutdanninga arrangementet til ein del av studiet for studentane. I år er Samtidsdagane meir relevant for undervisinga enn nokon gong før.


Høgskulelektor Annette Kristoffersen Winje og høgskulelektor Liv Ingrid Fjellanger med boka "Du tror det ikke før du ser det" som er på pensum til barnehagelærarstudentane. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Samtidsdagane er ein del av undervisinga for alle årskulla på Barnehagelærarutdanninga.

- Veldig mange av temaa på tysdagen er relevante for utdanninga og det framtidige yrket til studentane, seier studieleiar og høgskulelektor Liv Ingrid Fjellanger.

Relevant for studiet

Boka «Du ser det ikke før du tror det» av Inga Marte Thorkildsen er på pensumlista til andreårsstudentane på barnehagelærarutdanninga. Studentane skal skriva eit resymé frå boka, laga relevante spørsmål som dei kunne ha spurt Thorkildsen om og skriva om kva dei vil læra meir om i høve dette temaet.

- Boka er på pensum fordi den støttar emneplanen for barnehagelærarutdanninga i pedagogikk, seier Fjellanger.

Opna augene

- Samtidsdagane har fokus på det som skjer her og no, og me håpar at det å delta på arrangementet vil gjera studentane bevisste på det som skjer i samtida, seier høgskulelektor Annette Kristoffersen Winje.

- Studentane synst det er eit nyttig å ha desse bøkene på pensum, seier Fjellanger og fortel at studentane las boka «Jeg tenker nok du skjønner det sjølv» av Jon Gangdal i fjor.

- Dei er spent på panelsamtalen mellom Thorkildsen, Austgard og Gangdal, seier ho.

Fullt hus

Samtidsdagane har rekordpåmelding, og over 1000 stykk er påmeldt til dei to dagane.

- Aldri før har så mange vore påmeldt til Samtidsdagane. På grunn av plasskapasitet måtte me seia nei til somme skuleklassar som ville delta på arrangementet, seier prosjektleiar Alf Aronsen.

- Det er veldig kjekt at det er lagt opp til obligatorisk undervising i etterutdanninga på avdeling helsefag og grunnutdanningane på avdeling for lærar- og kulturfag. Ekstra kjekt er det at det òg er stor interesse og påmelding frå folk som jobbar i barnevern, NAV, skule, barnehage og helsevesenet i vår region. Då må me ha truffe med ein aktualitet i programmet vårt, seier han.

Samtidsdagane går føre seg tysdag 19. og onsdag 20. januar på kampus Stord. Her kan du lesa om heile programmet.

Blant foredragshaldarane finn ein blant andre Jon Gangdal, Helene Uri, Ada Sofie Austgard, Frøy Gudbrandsen, Sten Inge Jørgensen, Linn Herning, Øyvind Strømmen og Trond Giske.

 


Publisert: 11/01-2016, kl. 13:00
Art.id: 2016010000002743
Antall ganger lest: 2830

Arkivsøk: