Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

I djupna på Daniel Kvammen

Fredag 22. januar arrangerer HSH, i samarbeid med musikklina på Stord vidaregåande skule, Øyo-seminaret 2016. Musikkstudentane på skulen gleder seg til å høyra kva spellemannsprisnominerte Daniel Kvammen har å seie.


Magnus Jordal Iversen, Hans Arvid Naustheller, Martin Sørlie, Anne Lene Milje og Jørn Børlie gler seg til Øyo-seminaret. Foto: Joachim Eldholm

Tekst: Anna Sofie Ekeland Valvatne

- Det blir interessant å høyre på Daniel Kvammen, han er jo spellemannsprisnominert og alt! smiler Anne Line Milje som studerer årsstudium i musikk ved HSH.

Ho er blant elevane som er blitt valt ut til å ta imot musikarane og føredragshaldarane på arrangementet som går av stabelen i morgon, fredag 22. januar.

Då skal mellom anna spellemannsprisnominerte Daniel Kvammen bli djupneintervjua av Kirsti som er høgskulelektor i drama og festivalsjef for festivalen Bygdalarm.

- Me skal snakke med dei, servere mat, og vere i “hangout”- rommet, fortel Martin Sørlie.

Studentane som er plukka ut til å ta imot gjestene, får óg delta i planleggingsarbeidet. Det meinar Anne Line Milje er veldig lærerikt.

- Eg hadde til dømes aldri tenkt på å sjekke allergiar. Det er ein av gjestene som har nøtteallergi, så det kunne jo ha gått veldig gale! ler Anne Line.


Daniel Kvammen er spellemannsprisnominert for beste låt. Foto: privat

Alle får delta

Øyo-seminaret er obligatorisk for studentane som tek musikkårstudium og faglærarutdanning i musikk på andre og tredje året.

- Eg synest det er veldig bra at HSH arrangerer dette. Det skapar eit godt omdømme, og så er det kjekt for oss studentar. Så og sei alle får delta, smiler Martin Sørlie medan han spelar nokre tonar på el-pianoet.

- Me må nok tilbringe mesteparten av tida på “hangout”-rommet, men me skal prøve å få med oss noko. Eg gledar meg veldig til å høyre dei som skal opptre! avsluttar Anne Line Milje, før dei tek spelinga opp att.

Breidt utval

Tidlegare student på faglærar i musikk på HSH Andreas Petersson opnar seminaret med konsert med bandet sitt Lausongan klokka 09.00 i Aulaen på kampus Rommetveit. Etter det skal forfattar og musikkjournalist Ørjan Nilsson fortelja om boka hans “Quiet is the new loud”. Journalist og forfattar Marta Breen fortel om boka “Radka Toneff - hennes korte liv og store stemme”, om jazzmusikaren og komponisten som døydde så alt for ung.

Men det største trekkplasteret på seminaret er spellemannsprisnominerte Daniel Kvammen. Han blir djupneintervjua av høgskulelektor og festivalsjef for festivalen Bygdalarm Kirsti Aksnes. Etter det spelar bandet Algofilia som består av elevar ved musikklina på Stord vidaregåande skule. Lysdesigner og produsent Axel Sundbotten gir nyttige tips, før studentar ved faglærarutdanninga i musikk spelar.


Publisert: 21/01-2016, kl. 13:00
Art.id: 2016010000002745
Antall ganger lest: 1159

Arkivsøk: