Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Studerer lyd, rom og oppleving

Masterstudent Line Horneland (42) har vist masterprosjektet sitt, ein interaktiv vokalinstallasjon, i Sola ruinkirke. - Det å ta mastergrada var eit naturleg steg vidare frå der eg stod. Eg har ein samansett bakgrunn, og føler at eg har fått samla trådane, seier ho.


Line Horneland er masterstudent på HSH. Foto: Privat

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Horneland er musikar og songar, men no er ho fulltidsstudent. Ho blir ferdig med masterstudiet Kreative fag og læreprosessar til sommaren. Installasjonen i Sola ruinkirke varte frå 14. til 17. januar. Masteroppgåva handlar om samspelet mellom rom, lyd og oppleving.

Interaktiv installasjon

Lyden i denne samanhengen er musikk og vokalkomposisjonar, som ho har sett inn i ein interaktiv installasjon i Sola ruinkirke. Publikum set i gang lyden ved å trakka på sensorar som ligg på golvet. Lyttarane som høyrer lyden blir ein medskapar, og avgjer sjølv kor lenge dei vil vera i lydlandskapet. Det er tre ulike sensorar i rommet, så lyttarane kan gå vidare og trakka på neste sensor.

- Lyttaren har ein veldig sentral plass i installasjonen, og er med og skapar si eigen oppleving, seier Horneland.

Line Horneland 3
Masterprosjektet blei utstilt i Sola ruinkirke. Foto: Privat

Mange roller

Horneland fortel at ho har hatt mange roller i den lange prosessen det har vore å laga utstillinga.

- Eg komponerer og samplar min eigen lyd med loop, og legg lyden i fleire lag. Eg har reflektert mykje undervegs, og har jobba mykje med praktiske ting. Eg har jobba mykje med programmering og elektronikk som gjer at lyttarane kan kommunisera med musikken min, seier ho.

Sjå video av masterprosjektet her.

Ser på seg sjølv frå avstand

Sjølve masteroppgåva som studenten leverer i vår, inneheld refleksjon rundt arbeidet ho har gjort med prosjektet. Der kjem ho til å sjå på sin eigen prosess på avstand.

- Eg vil sjå på dei kreative fasane mine, og eventuelt kva eg kan trekka ut av dette som andre kan ha interesse av. Men først og fremst vil eg reflektera over min eigen prosess. Eg vil heile tida vera i eit kryssfelt mellom sjølve produksjonen og refleksjonen rundt den, seier Horneland.

Lise Horneland
Publikum var sjølv deltakarar i den interaktive utstillinga. Foto: Privat

Oppdatert studium

Horneland kom tilbake til HSH etter å ha studert Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU) ved høgskulen for nokre år sidan.

- For meg passar det veldig godt å jobba på eigenhand og i tillegg ha denne institusjonen å koma tilbake til, seier ho om studiemodellen med samlingsbasert undervising.

- På HSH får eg høve til å bruka meg sjølv. Eg synst dei er veldig oppdatert på korleis dei tenker på utdanninga. Me blir ikkje pressa inn i noko, men oppmoda om å bruka oss sjølv og våre eigne ressursar. Difor er det òg ulike måtar å gjera masteren på, og det synst eg at har vore fint, seier ho.

Her er heimesida til Line Horneland.


Publisert: 29/01-2016, kl. 10:30
Art.id: 2016010000002748
Antall ganger lest: 1898

Arkivsøk: