Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Fusjonsavtalen klar

Fusjonsforhandlingane mellom Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane går inn i ein sluttfase. Neste torsdag skal avtalen handsamast av dei tre høgskulestyra.

Dei tre institusjonane er samde om å handsame fusjonsavtalen i to steg. Dei tre høgskulestyra skal såleis ikkje vedta ein fusjon for den nye institusjonen no, men dei skal gje sine innspel til innhaldet i avtalen.

Dei ulike styra sine innspel blir tatt med i dei avsluttande fusjonsforhandlingane og inn mot neste styremøte 9. juni.

På dette styremøtet vil eit endeleg forslag til fusjonsavtale handsamast av styra ved dei tre institusjonane. Om alle styra då godkjenner avtala, vert ein kongeleg resolusjon om fusjon mellom HiSF, HiB og HSH godkjent i statsråd like etter. 

Det har frå starten av vore klart at fusjonsavtalen skal vere eit dokument som fastset dei overordna retningslinjene og prinsippa som skal vere det styrande grunnlaget for den nye høgskulen. Det vil vere interimsstyret som i første omgang får ansvaret for den konkrete utforminga av den nye høgskulen.

Hovudpunkta i fusjonsavtalen er:

  • Bakgrunn
  • Ambisjon og profil
  • Føresetnader og prinsipp 
  • Styring, leiing og framdrift 
    • Interimstyre
    • Prosjektorganisering
  • Rettar og plikter for tilsette
  • Studentane sine rettar og plikter 
  • Økonomiske tilhøve

Ambisjonane er høge. I avtalen står det

  • Institusjonen får fem campus, og har høge ambisjonar på alle felt. Mellom anna vil den bli kjend for å ha landets mest nøgde studentar som trivast og lukkast, og vere ein sterk aktør innan forsking og utvikling. 
  • Vestlandshøgskulen vil kunne skape nye og betre tilbod innanfor fag og undervisning enn institusjonane ville greidd kvar for seg.
  • Målet er å bli universitet.
  • Vestlandshøgskulen skal ha ein tydeleg vestlandsidentitet som byggjer på vestlandsk kultur, næring og tradisjonar. Hovudmålforma blir nynorsk.
  • Vestlandshøgskulen vert etablert med deling som drivkraft, ideal og metode. Kunnskap veks når den blir delt
  • Den nye institusjonen vil gjennomføre ei digital satsing som skal sikre effektiv informasjonsdeling og utvikle eit framtidsretta utdannings- og læringsfellesskap ved hjelp av ny teknologi.
  • Fusjonen skjer mellom tre likeverdige partar, og studiestadane vil bli utvikla vidare.
  • Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle dei tre regionane. Her blir satsinga på den nye, femårige lærarutdanninga spesielt viktig: Målet er at den skal vere fou-basert og halde høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Tanken er å opprette ei felles arbeidsgruppe for å utvikle denne nye utdanninga, og i tillegg sjå på moglegheita for å utvikle ei lektorutdanning.
  • Alle studiestader, fag og utdanningar skal profilerast som ein del av Vestlandshøgskulen, det skal vere utdanning på masternivå på alle studiestadane og tilsette skal ha nærleik til leiarane sine. Mellom anna skal dette sikrast ved at leiarar i den nye institusjonen ikkje skal ha personalansvar for meir enn 20-30 tilsette.
  • Ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før.
  • Fagleg profil, satsingsområde, visjon og strategi er ikkje avklart enno – det blir neste steg i prosessen, om styra går inn for fusjon. Desse tinga vil i så fall den faglege leiinga jobbe vidare med til hausten, med god forankring blant tilsette, studentar og arbeidslivet i dei tre regionane. Medverknad frå mange partar blir viktig for å utforme den faglege profilen til den nye institusjonen.
  • Den nye høgskulen vil ha tilsett rektor og ekstern styreleiar.
  • Rektor skal ha hovudarbeidsplass i Bergen, og ein prorektor i kvar nærregion.
  • Den nye høgskulen skal ha få og store avdelingar

Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane. Dette styret vil få mandat frå departementet og mellom anna ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og arbeidsoppgåvene til tilsette og leiarar. Det vil også ta ansvar for budsjettet for 2017, nye forskrifter, reglement og utval som må på plass.

Studentane vil opprette eit felles studentorgan for Vestlandshøgskulen, og dette vil forvalte studentrepresentasjonen i styre, råd og utval. Vestlandshøgskulen vil sikre gode rammevilkår for studentane sitt arbeid i sjølve fusjonsprosessen og for arbeidet med å etablere eit felles studentdemokrati. Frå 1. januar 2017 skal eit studentombod vere på plass.


Direktør Tage Båtsvik

Høgskuledirektør Tage Båtsvik i HSH skriv i si saksutgreiing at det har vore fire svært gode forhandlingsmøte mellom institusjonsleiinga ved dei tre høgskulane. 

Det er direktøren si vurdering at fusjonsavtalen løftar fram dei moglegheiter ein fleirkampusinstitusjon gir. Partane er samde om at dei val som gjeres m.o.t organisering må ta utganspunkt i fagleg kvalitet, felles løysningar og bruk av teknologi/digitale løysningar.  Målet er å byggje ei sterk høgskule som er festa i ein felles vestlandskultur og -identitet med tydeleg lokalforankring i dei tre nærregionane.  Ein flerkampusmodell med vestlandsforankring og ein sterk fagleg profil, vil utgjere eit konkurranseføremon for Vestlandshøgskulen.  

Det er vidare direktørens vurdering at prinsippa for styring, leiing og framdrift svarer godt på dei intensjonane som ligg til grunn for den vidare fusjonsprosessen. Prinsippa støtter og opp under den retninga som høgskulestyret peika ut som viktig for HSH:

- styring av forsking og utdanning i eigen region

- levande kampusar

- kompetanseheving- og utvikling av heile fagstaben

Direktøren vil særleg trekke fram prinsippa om at det skal vere ein prorektor i kvar av nærregionane, det skal være strategisk fagleg og administrativ leiing i nærregionane og administrative funksjonar skal tilpassast aktivitet i nærregionane og på studiestadene, 

kompetanseheving i begge dei faglege karrierevegane, og i administrativt arbeid som gode prinsipp som støtter opp om høgskulstyret sine intensjonar og føringar for vidare fusjonsprosess. 

Som tilråding i saka skriv Tage Båtsvik:

Styret bed rektor og direktør ta med seg saksutgreiinga og dei merknader som kom fram i styremøtet, inn i sluttforhandlingane om fusjonsplattform for Vestlandshøgskulen


Publisert: 04/05-2016, kl. 15:45
Art.id: 2016050000002800
Antall ganger lest: 2039

Arkivsøk: