Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Her er dei nye studentrådsstyra

I dag var det val av styret i studentrådet på kampus Haugesund og kampus Stord.


F.v: Nyvalt leiar Jan Erik Vatland, nestleiar Ole Martin Gaard og sekretær Margrethe Lauksund. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Studentrådet jobbar med problem og utfordringar som studentane har i kvardagen, og med ønskjer frå studentane om ting dei treng hjelp til.

I Haugesund er alle styremedlemmene nye. Thomas Blomvågnes er ny leiar, Sigrid Eide er ny nestleiar og Henriette Michalsen er ny sekretær.

- Det er ei stor ære å bli valt inn som leiar i studentrådet. Eg er audmjuk til utfordringa, seier Blomvågnes, som blei valt av to kandidatar.

Studentrådet i Haugesund 
Sigrid Eide (i midten) er ny nestleiar, Henriette Michalsen er ny sekretær og Thomas Blomvågnes er ny leiar. Foto: Lars Smith

Vil forbetra kommunikasjonen til studentane

Maskiningeniørstudenten har hatt verv i studentorganisasjonar tidlegare. Han har vore web- og marknadsansvarleg i Studentersamfunnet i Haugesund, og sit no i fadderstyret i Haugesund.

- Eg var elevrådsleiar i eit par år på vidaregåande, likar leiarvervet, og ville gjerne ha meir leiaransvar. Eg stilte til val fordi eg ville bli meir aktiv i studentdemokratiet, og eg håpar å kunne forbetra kommunikasjonen til studentane.

Eide og Michalsen har vore tillitsvalte i studentrådet fram til no. Michalsen har vore med i to år, og Eide i eitt år. Blomvågnes har ikkje tidlegare erfaring frå studentrådet.

- Eg er veldig glad for at eg har fått meg meg to som har vore med før, og veit kva det går i, seier han.

Leiar og eksleiar Stord
Avtroppande leiar Eirik Dyhrfjeld og påtroppande leiar Jan Erik Vatland. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Ny leiar på Stord

På Stord er Jan Erik Vatland valt til nye leiar i Studentrådet.

- Eg har lyst på nye politiske utfordringar. Eg trur at dette er ein god erfaring å ta med meg vidare, seier grunnskulelærarstudenten som snart er ferdig med sitt første år av utdanninga.

- Sidan eg snart har gått her eit år, så ser eg meir kva det er å vera student, seier han.

Den tidlegare leiaren vil vidare

Både Ole Martin Gaard som er gjenvalt som nestleiar, og Margrethe Lauksund som er gjenvalt som sekretær, tek no til på sitt andre år i studentrådet.

Avtroppande leiar Eirik Dyhrfjeld stilte ikkje til gjenval i dag. Han har vore leiar i eitt år, og var nestleiar i eitt år før det.

- Eg kjem til å stilla til val som studentrepresentant for lærarutdanninga i Studentparlamentet til neste år, i tillegg til at eg kjem til å stilla til val i eit par råd og utval. Det er fint at det blir litt variasjon i styret, seier han.


Publisert: 04/05-2016, kl. 17:15
Art.id: 2016050000002801
Antall ganger lest: 1651

Arkivsøk: