Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Mange fleire studentar reiser på utveksling

Det siste året har HSH-studentar som reiser på utveksling auka med 44 prosent. Dei fleste vil til Australia, men Sør-Afrika og Kamerun kjem hakk i hel på ønskelista.


Sør-Afrika er eit veldig populært reisemål for HSH-studentane. Foto: Privat

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

49 HSH-studentar reiser på utveksling i haust. Det er ein auke på 44 prosent, samanlikna med dei 34 som reiste i fjor haust.

Stor auke på økonomi og administrasjon

Den største auken blant HSH-studentane som reiser på utveksling, er blant studentar på Økonomi og administrasjon. To studentar reiste i 2015, og i haust reiser heile 13 stykk.

Australia er den mest populære destinasjonen for utreisande studentar. Men dei nye samarbeidspartnerane til HSH, Brasil og Japan, er populære.


Mange sjukepleiestudentar reiser på utveksling til Kamerun. Foto: Privat

Vil oppleva noko heilt annleis

Kamerun og Sør-Afrika er igjen populære reisemål blant sjukepleiestudentar. Internasjonal koordinator Kajsa Nordström trur ho veit kvifor.

- Eg trur at dei fleste som søker om utveksling til Afrika vil oppleva noko heilt annleis, og sjå sjukdommar og helsesystem som ikkje er så vanlige i Europa, seier ho.

- I tillegg til utveksling på minimum tre måneder så reiser mange HSH-studenter for å ha praksis i utlandet og på studieturar til blant anna Spania, Nederland, Danmark, Brasil, USA, Tanzania og India.

India
India er eit av landa HSH-studentar kan studera i. Foto: Privat

Topp 5 for heile HSH for utreisende studenter

  • 1. Australia
  • 2. Sør- Afrika
  • 3. Kamerun
  • 4. Danmark
  • 5. Slovenia + Spania

India elv
Her er HSH-studentar på utveksling i India. Foto: Privat

Fleire studentar kjem frå andre land

Utvekslingsstudentar frå andre land som kjem til HSH har auka med 32 prosent frå i fjor haust. 47 stykk kom i 2015, medan 62 kjem i haust. Det kjem flest studentar til HSH frå Spania, Nederland, Italia, Latvia, Tyskland, Belgia og Finland.

Nordström meiner at det nye studiet Fjords & Glaciers på Stord, er ein del av forklaringa på auken.

Internasjonal koordinator i Haugesund, Eli Havn, meiner at auken òg kan skuldast eit betre studietilbod for dei internasjonale studentane i Haugesund.

- På økonomi og administrasjon er det så mange emner som blir undervist i på engelsk at studentane kan velga litt etter interesse. Tilbodet på økonomi og administrasjon er tilnærma likt som i fjor, men det har kanskje begynt å bli meir kjent at HSH har litt av kvart av spanande emner å velga i.

- I tillegg kan ingeniør-, nautikk- og økonomi-studentar velga fag som ikkje er i deira studieprofil, så lenge dei er kvalifiserte til dei. Det er eit stort pluss ved HSH. For eksempel er her.


Publisert: 23/05-2016, kl. 16:00
Art.id: 2016050000002805
Antall ganger lest: 1487

Arkivsøk: