Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Meir kunnskap om flyktningar si helse

HSH sette denne veka søkjelyset på flyktningar si helse. Sjå film frå seminaret.

Tekst, foto og film: Lars Smith

- Me har sett på flyktningar si psykiske og fysiske helse, så kalla migrasjonshelse, i eit barn-foreldre og familieperspektiv, fortel høgskulelektor Sølvi Anne Eide Lunde i HSH.

- Spørsmåla har vore: Korleis er det å leve vidare i eit framand land, sjå muligheiter og etablere seg på ny? legg ho til.

Seminaret var i samarbeid med Ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS), og mynta på sjukepleiarstudentar, tilsette i kommunar, Helse Fonna og andre verksemder. Føredragshaldarar var psykologspesialist Patrick O’Loughlin (RVTS), og Rolf Vårdal, spesialkonsulent ved Helsetjenesten for nyankomne innvandrere i Bergen kommune.


- Til saman 230 tilhøyrar fekk ei forståing av flyktningar og asylsøkjarar sin kvardag i eit uroleg heimland til utfordringar ved overgang til eit nytt land og korleis me som hjelparar kan møte dei, oppsummerer Sølvi Anne Eide Lunde i HSH.


Publisert: 27/05-2016, kl. 10:00
Art.id: 2016050000002807
Antall ganger lest: 1403

Arkivsøk: