Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Lærer å bli gode sjukepleiarar på sjukehuset

Eitt av sjukehusa HSH-studentar har praksis på er Stord sjukehus. Der jobbar eit team av sjukepleiarar for at studentane skal ha det bra, og læra mykje. - Dei er veldig flinke med studentar, og flinke til å inkludera alle, seier sjukepleiestudent Trine Hukset.


Karoline Ganga Brantsgård, Ine Eide, Trine Hukset, Vilde Gravdal og Silje Frank har praksis på kirurgisk avdeling. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Tekst og foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Halvparten av sjukepleiarstudiet består av ulike typar praksis på sjukeheimar, i heimesjukepleie innan psykisk helse og på sykehus. På sjukehus har studentane praksis innan kirurgi og medisin. Medan dei er i praksis får studentane bruka kunnskapen dei lærer på høgskulen, når dei møter pasientar i røynda.

Ine Eide (22), Trine Hukset (20) og Silje Frank (23) går andre året av sjukepleieutdanninga, og har vore i praksis på Kirurgisk avdeling på Stord sjukehus i seks veker når me møter dei.

- Det er veldig lærerikt. I starten visste eg ikkje alltid kva eg skulle gjera, fordi eg ikkje hadde gjort det før. Men no går det meir av seg sjølv, seier Frank.

- Det er kjekt å bruka det ein har lært på skulen, seier Eide.

 


Halvor Jordåen har vore kontaktsjukepleiar sidan 1999, og meiner at det er ein viktig jobb. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Ut av teoribøkene

 

Kvar student har ein kontaktsjukepleiar som sjekkar at studentane gjer ting rett, og rettleiar når dei gjer prosedyrar. Studentane får tett oppfølging og tilbakemeldingar om kva dei gjer bra og kva dei kan bli betre på. Halvor Jordåen er kontaktsjukepleiar på medisinsk avdeling på Stord sjukehus. Det har han vore sidan 1999.

- Eg meiner at det viktig at sjukepleiestudentane har ein kontaktperson som har tettare kontakt med dei. Det handlar om å utdanna sjukepleiarar som me vil ha til kollegaer og som me vil at skal stella vår gamle mor.

- Då eg tok utdannina sjølv, såg eg kor viktig kontaktsjukepleiaren var for meg. I praksis lærer studentane realitetane. Ein kan ikkje lesa seg til alt, men må òg erfara. I denne jobben har me ofte ikkje den tida me skulle ønska, og då blir det opp til oss kontaktsjukepleiarar å visa korleis me jobben i ein travel kvardag, seier han.

Trine Hukset er glad for å læra det ho har lest om i skulebøker i praksis.

- Det er kjekt å gjera prosedyrar som å legga inn kateter, ta EKG, temperatur, blodtrykk og puls. Dette er prosedyrar som me me berre har gjort på dokker på sjukepleiesenteret på høgskulen før kjem ut i praksis, seier ho.

 


Høgskulelærar Magda Vikanes Buchvold, fagutviklingssjukepleiar Stine Kleppe og studentansvarleg sjukepleiar Hilde Kannelønning samarbeidar om sjukepleiestudentane som er i praksis på kirurgisk avdeling. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Legg til rette for studentane

 

Stine Kleppe er fagutviklingssjukepleiar på Kirurgisk avdeling, og ho samarbeider med studentansvarlig sjukepleiar Hilde Kannelønning og høgskulelærar i sjukepleiefag Magda V Buchvold, om å skapa gode læringssituasjonar og å legga til rette for god rettleiing av sjukepleiestudentane.

- Me jobbar med kva personalet kan gjera for at studentane skal få det så godt som mogeleg, og rettleier og vurderer undervegs. Me vil at studentane skal føla seg velkomne og bli inkludert på avdelinga, seier Kleppe.

På kirurgisk avdeling får studentane prøva seg på prosedyrar, laga til medisinar, møta pårørande og kritisk sjuke og døyande pasientar.

- Kirurgisk avdeling er ein travel avdeling, og studentane blir raskt vist tillit og inkludert av oss. Det er alltid rom for studentane å spørja, seier Kannelønning.

 


Karoline Ganga Brantsgård fortel at det skjer noko nytt heile tida i praksis. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Oppdagar nye ting kvar dag

 

Karoline Ganga Brantsgård (25) fortel at ho likar å prøva ut det ho har lært på skulen i praksis.

- Eg oppdagar nye ting kvar dag. I praksis finn eg ut at eg har mykje å læra, og eg får brukt meg på veldig mange måtar, seier ho.

 

Vilde Gravdal (22) fortel at ho synst at det er veldig lærerikt og kjekt å kjenna på korleis det er å vera i arbeidslivet.

- Før tenkte eg at å jobba på sjukehus ikkje var noko for meg. Men no har eg fått eit heilt nytt syn på det. Eg føler meg tryggare på valet om å bli sjukepleiar no, seier ho.

- Det er mange prosedyrar og noko nytt skjer heile tida. Det som var meir skremmande før, er tryggare på no når eg har fått erfaring og lært mykje. No har eg lyst til å læra meir, og få med meg mest mogeleg av kva som skjer, seier Gravdal.

 


Trine Hukset og Vilde Gravdal gler seg til medisinsk praksis. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

Gler seg til neste praksisperiode

 

På hausthalvåret på tredje og siste året av utdanninga, har sjukepleiestudentane praksis på andre avdelingar.

- Det blir noko anna. Ei anna pasientgruppe med andre diagnosar og ei anna handsaming, seier Gravdal som skal i praksis på medisinsk avdeling.

- Eg gler meg til medisinsk praksis. Alt nytt er jo litt skremmande, men det blir spennande å koma eit skritt vidare, seier Gravdal.

 


Bodo Günter meiner at det er gjevande å ha studentar i praksis. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

- Gjevande å ha studentar

 

Bodo Günther er ortoped og seksjonsoverlege ved Stord sjukehus. Han fortel at det er veldig gjevande å ha studentar på sjukehuset, fordi det skjerpar dei.

- Studentane skal jo læra ting frå botnen av, så me må gjera tinga på den rette måten. Dei gir oss tilbakemeldingar, og kjem med konstruktiv kritikk. Dei er aktive, og skjønar og lærer fort. Etter berre nokre veker aukar sjølvtilliten deira, og dei er ganske sjølvstendige når dei dreg frå oss. Til slutt avlastar dei oss, seier han.

 


Julie Jensen likar seg på sårpoliklinikken. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

- Gjeld å ta initiativ

 

Julie Jensen (23) har praksis på såravdelinga, og har nettopp arbeida saman med Günther på sårpoliklinikken på sjukehuset.

- Det er veldig lærerikt å vera i praksis. Det er interessant og eg får utfordra meg sjølv. Eg ser at eg får bruk for kunnskapen eg har lært, og så får eg sjå kor viktig kunnskapen faktisk er, seier ho.

- Det er veldig spennande på sårpoliklinikken. I dag fekk eg assistera Bodo under sårstellet. Han er veldig flink til å forklara og visa. Eg føler meg veldig velkommen og inkludert her, seier Jensen.

Jensen merkar utvikling etter å ha vore i praksis i snart sju veker.

- Eg har blitt mykje flinkare til å sjå pasienten, og koma meir innpå dei. Eg har lært kva spørsmål eg skal stilla. Både frå eigen erfaring, men òg frå å observera kva sjukepleiarane spør om, seier ho.

- Det gjeld å vera litt frampå, og ta initiativ, seier ho.

 


Øyvind Mæland har god erfaring med sjukepleiestudentane frå HSH. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 

God erfaring med studentane

 

Øyvind Mæland er funksjonsleiar på kirurgisk avdeling, og har ansvaret for å fylla opp vaktplanen 24 timar i døgeret året rundt på sjukehuset. Kirurgisk avdeling har 40 studentar i praksis i året.

- Eg gler meg veldig kvar gong det kjem studentar til oss for å ha praksis. Me treng litt ungdommeleg giv, og nokon som har oppdatert kunnskap og som jobbar med stoffet. Eg synst at høgskulen sine studentar på Stord er flinke. Dei har alltid hatt eit godt ord på seg. Eg trur at dei får god opplæring, seier Mæland som har 36 års erfaring med å jobba med studentar i praksis.

- Hadde me ikkje hatt studentar her, så hadde det ikkje vore det same på Stord sjukehus. Nesten alle sjukepleiarane her har tatt utdanninga på sjukepleieutdanninga på Stord. Det er ei god rekruttering av flinke studentar, seier han.

 


Trine Hukset, Vilde Gravdal, Karoline Ganga Brantsgård, Ine Eide, Bodo Günter og Silje Frank i gangen på kirurgisk avdeling på Stord sjukehus. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

 


Publisert: 02/12-2016, kl. 11:15
Art.id: 2016120000002854
Antall ganger lest: 2916

Arkivsøk: