Til HSHs heimeside...
Org. nr.: 970 889 906
Adresse: HSH, Postboks 5000, N-5409 Stord
Telefon: (+47) 53 49 13 00
Epost/Mail: postmottak@hsh.no
HSHinfo:
XML-dataversjon av HSHs nyhetsoverskrifter

Siste styremøte i HSH med friske fusjonsfrukter

Frå nyttår er HSH ein del av den nye Høgskulen på Vestlandet. I dag gjorde høgskulestyret opp status og ga sine siste signal. Dei fekk og sett dei første fruktene av fusjonen med nye og etterlengta studietilbod for regionen.

Siste styremøte med klar signatur og gode signal: - Vi skal ta med det gode arbeidet frå HSH inn i den nye høgskulen på Vestlandet, og me skal delta aktivt i utviklinga og implementeringa av målsettingane i fusjonsavtalen, sa styret under sitt siste styremøte på Stord i dag. Frå venstre: Birgitte Wendelbo Johansen (oppnemnd av Kunnskapsdepartementet), Ingvild Brekke Myhre (representant frå tekn./adm. tilsette), Åke Seiger (oppnemnd av Kunnskapsdepartementet), Arne Langøen (representant frå fagleg tilsette), Cecilie Fredheim (studentrepresentant), Grethe L. Grimsbø (styresekretær), Liv Reidun Grimstvedt (rektor og styreleiar), Tage Båtsvik (direktør), Trond Ødegård (studentrepresentant), Åshild Havnerås (representant frå fagleg tilsette), Kristin Ådnøy Eriksen (representant frå fagleg tilsette) og Gunnar Birkeland, (oppnemnd av Kunnskapsdepartementet).

Hovudsakene på dagens styremøte på kampus Stord var oppsummering av styrets handlingsplan og budsjettet for 2017.

Mykje godt å ta med

Innleiingsvis vurderte styret sine eigne strategiske satsingar dei siste åra. Og mykje godt blei løfta opp og fram i sjølvmeldinga: God vekst i studenttal, senterbygging, satsinga på forskings- og læringsstøtte, utviklinga og arbeidet med dei nye grunnskulelærarutdanningane og det store tilfanget av nye studieplassar for å møte omstillingsbehova i regionen, var område styret og rektor Liv Reidun Grimstvedt sa seg nøgde med.

Må auka kompetansen

Men på eit område var styret ikkje nøgd.

- Me har jobba mykje med å auke kompetansen i fagstaben. Det er eit krevjande arbeid som er samansett av mange faktorar. Nokre av desse styrer me sjølve, medan andre faktorar ligg hos andre. Til dømes tildeling av fleire stipendiatstillingar. Her er det Kunnskapsdepartementet som styrer.

- Uansett er kompetansebygging eit heilt avgjerande punkt for om vi vil lukkast med måla og ambisjonane for fusjonen.

- Ikkje minst når det gjeld å byggja sterkare fagmiljø og eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. Her må den nye høgskulen satsa sterkt vidare, oppmoda styremedlem Åke Seiger.

Eit anna viktig signal som styret sende til den nye høgskulen er å fortsetje arbeidet med eit nytt maritimt senter i Haugesund.

Får tilgang til eit breiare fagtilbod

I budsjettsaka kunne økonomisjef Kirsten Bakken og direktør Tage Båtsvik presentere dei første fruktene av fusjonen.

- Me vil neste haust tilby ein mastergrad i organisasjon og leiing i Haugesund. Dette er ei utdanning som er godkjent ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og som me no koplar oss på. Utdanninga vil vera på deltid og samlingsbasert over fire år.

Eit slikt studietilbod har vore etterspurt i regionen over lengre tid. Målgruppa er erfarne profesjonsutøvarar med ei avslutta grunnutdanning innan allmenn- eller lærarutdanning, barnevern, sjukepleie, fysioterapi, vernepleie eller andre kombinasjonar på cand.mag. nivå eller tilsvarande.

Ein mastergrad i anestesi, intensive og operasjonssjukepleie som Høgskulen i Bergen i dag har i sin portefølje vil og bli tilbydd i regionen vår til hausten. Det kjem og nye studieprogram som skal møte omstillingsbehova på Vestlandet. Dette er såkalla omstillingsemner i økonomi og leiing.

Studietilbod i teknologi og programmering

Ei ny utdanning innan ”Koding i grunnskolen” er og på beddinga. Som kjend har fleire nasjonale komitear og utval tilrådd at koding, programmering og teknologi vert oppretta som eige fag i grunnskulen. Regjeringa har allereie sett i verk forsøk med programmering som valfag. Tilbodet er retta mot lærarar i det nye faget, men og faglærarar som vil integrere teknologi og utvikling i eksisterande fag. Faget skal vere praktisk retta, og legg mellom anna vekt på utprøving i studenten sin eigen undervisningspraksis. Studiet er ei blanding av nett- og samlingsbasert undervisning.

I tillegg jobbar fagmiljøet i nautikk med å få klar ei masterutdanning innan ”International Ship Technology, Maritime Operations and Management ” saman med University of Applied Science Hochschule Emden/Leer i Tyskland. Utdanninga skal bidra til å dekke behovet for den komplette kompetansen som etterkvart blir krevja innanfor den maritime næringa, og kor ein i stadig aukande grad treng ein heilskapleg kompetanse innanfor områda skipsteknologi , maritime operasjonar og maritim leiing med eit underliggande internasjonalt perspektiv.

Utover dette vil det nye doktorgradsstudiet i nautiske operasjoner og starta opp.


Publisert: 01/12-2016, kl. 15:15
Art.id: 2016120000002864
Antall ganger lest: 1575

Arkivsøk: